
Jutullaget - Noreg
Landsfestivalvinnarar i toppform!
Jutullaget er ei av dei aller mest aktive runddansgruppene i Noreg. Med ei fartstid på over 30 år og tallause turar over heile landet og til dels i utlandet, har Jutullaget vorte ei merkevare innanfor norsk tradisjonsmusikk. Merittlista er lang, og dei har fire CD-utgjevingar bak seg.
I september 2021 slapp Jutullaget si femte plate, «Kvitbrille», der dei tolkar og spelar tradisjonsmateriale etter eldre spelemenn hovudsakleg frå Ottadalen. Samstundes ønskjer dei å vise korleis den nye generasjonen spelemenn komponerer gammaldansmusikk på durspelet.
Inge Gjevre - torader
Svein Ove Brun - gitar
Bjarne Odde - kontrabass
Geir Marius Thorud - torader
Stein Magne Eggen - trekkspel
Konsertar
Laurdag 5. juli 2025 kl. 22.00 Danseglede!
Festsalen, Førdehuset
Søndag 6. juli kl. 12.30 Familiesøndag
Festsalen, Førdehuset
GRATIS