
Farstad & Farstad
Den beste dansemusikken frå Nordvestlandet
Farstad & Farstad er ei gammaldansgruppe med to trekkspel og ei fele, frå høvesvis Tennfjord, Skodje og Volda. Det er knapt mogleg å telle kor mange utnemningar og meisterskapsmedaljar dei har mellom seg! Kristina Farstad Bjørdal, Marius Berglund og Åsmund Farstad er eminente, unge og framstormande musikarar innan både folkemusikk og klassisk, med ei felles glede for gammaldansen og den eldre folkemusikken. Dei finn stor glede og meining i å ta vare på folkemusikken frå Nordvestlandet og få den ut til folket.
Kristina Farstad Bjørdal - trekkspel
Åsmund Arnesen Farstad - fele
Marius Berglund -trekkspel
Bernt Hansen - bass
Kjartan Haugen Foss - gitar
Konsertar
Torsdag 3. juli 2025 kl. 21.45
Danseglede
Festsalen, Førdehuset
Gratis inngang med festivalpass eller billett til opningskonserten.