Tarabband | Irak, Sverige

«Seksmannsbandet skaper ei oppleving som har gjenklang i det arabiske ordet tarab – det som oppstår når kjensler og musikk smeltar saman.»

Tverrkulturelle tonar frå Midtausten

Gjer deg klar for ei tverrkulturell musikalsk oppleving der arabiske tekstar møter eit pulserande samspel av folkemusikk og songar frå Midtausten – musikk som får det til å rykke i dansefoten.

Tarabband vart grunnlagd av irakisk-egyptiske Nadin Al Khalidi og svenske Gabriel Hermansson i Malmø i 2008. Seksmannsbandet skaper ei oppleving som har gjenklang i det arabiske ordet tarab, det som oppstår når kjensler og musikk smeltar saman. Musikken deira tek dei oss på ei reise som den startar i Malmø og går via Paris og Middelhavet til Kairo og Bagdad, og skaper eit særeige uttrykk der ulike kulturar smeltar saman.

I sentrum står Nadin, med si heilt særeigne stemme, som gjer smerte om til håp og ei livsreise om til musikk. Ho flykta frå Irak i 2001, og kom til Sverige som flyktning . I tekstane sine flettar ho saman politiske og sosiale tema med spørsmål om identitet, overleving og kjærleik – alltid med eit ønske om fred og forståing på tvers av kulturar. Dei arabiske tekstane vev saman historier om menneske og livslagnader som utspelar seg parallelt i ulike delar av verda – i Malmö, i dei jordanske Wadi Rum-fjella, i det irakiske Mosul, i Kairo og i Bagdad, der Nadin vart fødd og vaks opp.

Tarabband har vunne ei rekkje prisar, og musikken deira er spreidd og elska over heile verda. Dei er eit unikt liveband som skaper levande og rørande lydlandskap som inviterer både til dans og ettertanke.


Nadin Al Khalidi - sang, algerisk mandolin

Andreas Hourdakis - gitar

Filip Runesson - fiolin

Fredrik Gille - slagverk, kor

Mårten Hillbom - slagverk, kor

Pär Knagg - bass, kor

KONSERT


Laurdag 4. juli kl. 20.30
Førdes fredskonsert
Idrettshallen, Førdehuset

Konserten er ein ein del av festivalpasset.

Forrige
Forrige

Jawa | Syria

Neste
Neste

Rima Iraki | Noreg, Palestina