Jawa | Syria
Vaktarar av ærverdige sufitradisjonar
Den vakre og spirituelle sufi-musikken har hatt tronge kår under krigen i Syria. Men det musikalske ensemblet Jawa nektar å la den musikalske arven deira forsvinne. Dei har gjort det til sitt oppdrag å ta vare på, men også fornye sufimusikken.
Trufast mot tradisjonen har musikarane i Jawa med seg ein dansar på scena – dervisjen Hatem Al Jamal. Som sine forgjengarar praktiserer han den spirituelle danseforma der ein, kledd i eit langt skjørt, utfører gjentekne, roterande rørsler i ei symbolsk etterlikning av planetar som kretsar rundt sola. Dansen er ein vanleg meditasjonspraksis, der dervisjar søkjer å nå kjelda til det fullkomne.
Sufimusikken vart opphavleg framført a cappella. Jawa har likevel med seg instrument på scena, som luttinstrumentet oud, den sitarliknande qanun og langfløyta nay. På denne måten gjer dei den tradisjonelle sufimusikken til sin eigen, og let den klinge på nytt på tvers av generasjonar og landegrenser. For Jawa handlar det nemleg ikkje berre om å ta vare på dei musikalske tradisjonane i sufismen, men òg om kulturell og spirituell motstandskraft. Gled deg til ei vakker musikalsk oppleving med syriske røter når ensemblet går på scena i Førde!
Khaled Alhafez - vokal
Akram Ben Romdhane - oud
Youssef Nassif - qanun
Tammam Alramadan - nay, kawala
Simon Leleux - perkusjon
Marwan Fakir - fele
Hatem Al Jamal - dervishdansar
KONSERT
Fredag 3. juli kl. 18.00:
JAWA
Teatersalen, Førdehuset
Laurdag 4. juli kl. 20.30
Førdes fredskonsert
Idrettshallen, Førdehuset
Konserten er ein ein del av festivalpasset.