Sam Lee | UK

Med hjarte for natur og engelske folkesongar 

Naturmennesket og miljøforkjemparen Sam Lee er ein uredd og kreativ songar, som dei siste 20 åra har gått i bresjen for å løfte fram den rike britiske folkesongtradisjonen og gje den ei framtid. Han samlar inn og tolkar folkesongar, og er særleg kjend for å skape heilt unike musikkopplevingar ute i naturen. Med originale arrangement og personleg formidling viskar han ut grensene mellom tradisjonsmusikk og samtidsmusikk. Det siste albumet hans, songdreaming (2024), vart kåra til European Album of the Year av magasinet Songlines. 

Sam Lee er mykje brukt i radio og TV. Han komponerer musikk og har levert songar til fleire større spelefilmar. Som endringsaktør i musikkbransjen har han vore med å starte Music Declares Emergency, og han samarbeider med Earthpercent, mellom anna ved å gje dei deler av inntekter frå innspelte album.  

Songkarrieren har teke han til store festivalar og scener som Glastonbury, Roskilde, Rudolstadt, Colours of Ostrava, Celtic Connections, WOMADelaide og Folk Holidays. I Norden har han mellom anna vore å høyre på Farsund Folk Festival og EtnoSoi! i Helsinki – og no kan han altså føye Førdefestivalen til denne fine lista!

Sam får du høyre i fleire format på festivalen. Om du blir med på turlagsturen til Lisjehesten onsdag 1. juli, får du høyre Sam Lee i sitt rette element - i naturen. Dagen etterpå er han med på opningskonserten, og fredag spelar han med fullt band i Teatersalen i Nynorskhuset. Det er berre å glede seg til alt.  


KONSERT

Torsdag 2. juli kl. 20.00
Opningskonsert 2026 - Sam Lee Trio
Idrettshallen, Førdehuset

Fredag 3. juli kl. 15.00
Sam Lee Band
NYNORSKHUSET, Teatersalen,

Forrige
Forrige

Kenneth Lien & Center of the Universe | Noreg

Neste
Neste

Parveen & Ilyas Khan | India, Frankrike