Kenneth Lien & Center of the Universe | Noreg

Hurra for norsk folkemusikk i unik form 

Kenneth Lien og Center of the Universe kombinerer tradisjonelle slåttar og danserytmane frå gangar, springar og halling spelt på tradisjonelle instrument med gamle gjengangarar frå house og techno, som TB-303 og Roland 909. Det er musikk du kan lytte til, eller danse til – og meir enn å bryte med tradisjonane, ønskjer dei å forlenge det gamle, inn i vår tid. Musikarane ser på det som eit levande eksperiment på korleis elektronisk produksjon kan vere med å forsterke og revitalisere den norske folkemusikken.  

Etter storsuksess med det kritikerroste albumet Snu hver stein (2023), kom Kenneth Lien og Center of the Universe ut med oppfølgjaren i fjor: Norwegian Electronic Folk Music – til jublande omtalar og Spellemannprisnominasjon. Musikken blir av fleire samanlikna med samarbeidet mellom Folque og Saft og Sigbjørn Bernhoft Osa frå 80-talet, og på same måte kan den både vere ein inngangsport til folkemusikken for nye lyttarar – og eit djupdykk for dei som alt elskar norsk folkemusikk!

Kenneth Lien er ein multiinstrumentalist med røter i black metal og improvisert rock, og trakterer både fele, hardingfele, seljefløyte og ikkje minst munnharpe. Han er mest kjend frå trioen Ævestaden, men har også fleire munnharpe-sigrar frå kappleikscena.  

Jørgen Skjulstad er namnet som gøymer seg bak aliaset Center of the Universe. Han er også kjend som DJ Sissyfus og har gjeve ut rundt 20 eigne plater og i tillegg vore remiksar og produsent på nokre hundre andre. 


KONSERT

Fredag 3. juli kl. 22.30:
Pumpegris / Kenneth Lien & Center of the Universe
Larris Scene, Scandic

Forrige
Forrige

Pumpegris | Noreg

Neste
Neste

Sam Lee | UK