Pumpegris | Noreg
«Dette er lek og moro, men blodig alvor; resultatet er 30 av de mest bunnsolide og velspilte minuttene med konsert jeg har vært vitne til på Trondheim Calling.»
Folkemusikk, fest og faenskap
Feite låtar, steinharde slåttar og ærlege tekstar natta til endes er suksessoppskrifta for Pumpegris, dei nye norske folkemusikkfavorittane. Vokalist Vera Sonne stør seg på alt frå kveding til rap, og med god pondus hentar bandet også element frå funk, shoegaze, visepop og vestafrikanske grooves. Både tekstar og musikk har humor og noko sårt over seg, men mest av alt lyser det gjennom at Pumpegris er komne for å spreie den norske folkemusikken med fest og faenskap, akkurat slik den har oppstått.
Pumpegris hadde sitt store gjennombrot i fjor, med euforiske tilbakemeldingar på debutalbumet Fritids, produsert av Tuva Syvertsen, med ditto omtalar på konsertar rundt i landet, og ikkje minst med kåringa som Årets stjerneskot av ein samstemd By:larm-jury! På rekordtid har bandet spelt seg opp i teten blant norske liveband, og det er med stolt hjarte vi ønskjer dei velkomen til fredagskvelden på Larris Scene.
Vera Sonne – vokal, tekstar
Mikkel Bjørneboe – bass
Jon Espelid – trommer
Trygve Liahagen – feler
Astrid Garmo – gitar, synth, vokal