Parveen & Ilyas Khan | India, Frankrike
Indiske tradisjonar i virtuos ung drakt
Det fransk-indiske søskenparet Parveen Sabrina Khan og Ilyas Raphaël Khan er sjuande generasjons musikarar i ei musikarslekt i Rajasthan. Dei vaks opp i India, der dei fekk opplæring i heile den nord-indiske klassiske musikktradisjonen som har vore overført i munnleg taleem-tradisjon i meir enn 3000 år.
Parveen Sabrina Khan er ei leiande stemme i den nye generasjonen indiske songarar og framfører râgaer, det melodiske rammeverket i indisk klassisk musikk, og er ein av få som løftar fram dei tradisjonelle folkesongane frå Rajasthan, maands, som står i fare for å forsvinne. Med si djupe og virtuose stemmeprakt får Parveen fram poesien i denne sofistikerte musikken, der den lyriske teksten, ofte kort, gir stort rom for improvisasjon, både melodisk og rytmisk.
Ilyas Raphaël Khan er ein dyktig perkusjonist og beatboxar, og akkompagnerer med kreativt tablaspel og tablaboxing, altså samansmeltinga av dei to. På denne måten fornyar og utviklar søskenduoen det klassiske indiske repertoaret, og følgjer slik i fotspora etter faren, den kjende perkusjonisten Hameed Khan Kawa.
Med styrken frå dei to kulturane sine, tek Parveen og Ilyas Khan, publikum med inn i ei verd av varierte og nyskapande lydar, og gir oss ei smakfull blanding av indisk musikk og vestlege rytmar.
Parveen Sabrina Khan – vokal
Ilyas Raphaël Khan – tabla, beatboxing