Rastak - Iran

Nye skot frå gamle røter

Sidan oppstarten i 1997 har Rastak utvikla seg til eit av dei fremste moderne folkemusikk-ensembla i Iran. Med respekt for tradisjonen, og eit sterkt ønskje om å nå ut over eigne grenser, har dei skapt eit heilt eige uttrykk der iranske folketonar, språk og regionale stilar møter moderne rytmar og arrangement. Resultatet er musikk som kjennest både djupt forankra og open, frisk og tilgjengeleg – også for eit publikum som ikkje kjenner den iranske musikkarven frå før. 

Den nyaste plata, Tales of Earth and Sun (2025), er ei reise gjennom musikalske tradisjonar frå Kurdistan, Lorestan, Balochistan, Hormozgan, Kermanshah og Afghanistan. Den er ein hyllest til kulturane som har bore med seg denne musikken gjennom tidene.  

Rastak på farsi er eit nytt skot som veks ut frå røtene av eit gamalt tre. Slik kan eit nytt fullverdig tre vekse ut av dei gamle sterke røtene og enkelte gonger blir det nye skotet større og sterkare enn treet det veks ut frå. -Denne naturlege rastak-modellen er det  vidarefører til musikken når vi lånar materiale frå våre historiske og kulturelle røter, men arrangerer det på måtar som gjer musikken meir tilgjengeleg for publikum utanfor vår eigen kultur, seier Rastak.   

KONSERT


Onsdag 1. juli kl 21.00
Rastak
Sunnfjordsalen, Scandic

Forrige
Forrige

HrayBery - Polen, Ukraina

Neste
Neste

Folksomt