Folksomt - Norge

Publikum vert inviterte inn, enten du er ein erfaren folkedansar, fridansande sjel eller ein nikkande klubbromantikar.
— Folksomt

FOLKSOMT – techno kolliderer med norsk folkemusikk 

Musikkollektivet Folksomt smeltar saman det eldgamle og det elektriske og lagar klubbfolkemusikk.  

Norsk folkemusikk bærer med seg ei rik historie av klangar og forteljingar som har vorte formidla gjennom generasjonar. Techno og elektronika representerer eit globalt spark for moderne uttrykk, med sitt fokus på rytme, tekstur og energi. Folksomt er ein kombinasjon.  

Hardingfele og munnharpe svevar over djupe basslinjer, folkesongen får ei ny drakt av beats og klangar som løftar og dreg. Rytmane frå springar, halling og reinlender bankar framleis under huda og resultatet er svært dansbart og drøymande. Publikum vert inviterte inn, enten du er ein erfaren folkedansar, fridansande sjel eller ein nikkande klubbromantikar. 

 

Jonas Særsten - synth og trommemaskin 

Lovise Espeland - vokal

Johanna Seim - hardingfele 

Gaute Ullestad Moen - perkusjon og munnharpe 

Jonathan Krabbe - gitar 

Folksomt slepper debutplata på Ta:lik Records 8. mai. 


KONSERT

Laurdag 4. juli kl. 22.30
Klubb Komle på tur + konsert i biblioteket (artistnamn kjem)
Larris Scene / Biblioteket, Scandic

Forrige
Forrige

Rastak - Iran

Neste
Neste

DJ RADSEN