Fjellklang spelemannslag | Noreg
Lokale dansetakter frå Jølster og Breim
Heilt sidan etableringa i 1969 har Fjellklang Spelemannslag vore eit populært innslag på gammaldansfestar, kappleikar og festivalar. Laget vart skipa etter initiativ frå Johannes Befring, og var i mange år leia av slåttekomponist Lars Fjell. Felemeisteren John Oddvar Kandal frå Breim har vore sentral og i dag er det Jon Gåsemyr som akslar vervet som musikalsk leiar.
Fjellklang har som mål å halde ved like tradisjonsmusikken på Jølster og Breim, og er eit av dei lokale spelemannslaga som med jamne mellomrom spelar til dans på Førdefestivalen. Her stiller dei stiller alltid med skjerpa felebogar og eit framifrå utval danseslåttar etter kjende spelemenn som Anders Viken og fleire med etternamnet Paulen. Dette er dansetakter av beste sort!