El Pony Pisador - Spania

Verdas nye festivalyndlingar frå Catalonia i Spania

El Pony Pisador serverer keltisk musikk og sjantiar med smak av katalanske danserytmar, middelhavstonar, jodling, strupesong, balkanske taktartar og alt anna du kan tenkje deg. Kvintetten dreg fram det eine instrumentet etter det andre og samspelet gnistrar – og som regel plar konsertane deira ende som ein einaste stor dansefest.

Den uimotståelege miksen av musikkstilar, humor og speleglede har gjeve El Pony Pisador eit stort og entusiastisk publikum over heile verda. I dag er dei eit av dei mest etterspurde banda frå Catalonia i Spania. Shrewsbury Folk Festival i England hadde dei på plakaten i 2024, og vart så gira over den konserten at dei inviterte bandet tilbake i 2025! Skroll ned, så ser du videoen frå den siste konserten.

Bandet har spelt på konsertscener og festivalar i heile Europa og verda elles. Rundt 60 konsertar i året dei siste åra. Og no er heldigvis det duka for den første konserten i Førde og Noreg!

Adrià Vila Mitjà - mandolin, vokal

Guillem Codern Cortada - banjo, vokal

Miquel Pérez Terrón - fele, vokal

Martí Selga Ruiz - fløyte, kontrabass, vokal

Ramon Anglada Jaraquemada - gitar, vokal

Josep Puigdollers Mas - trommer

KONSERT


Fredag 3. juli kl. 20.00:
Keltisk - og bortanfor: Kinnaris Q / El Pony Pisador
Idrettshallen, Førdehuset

Torsdag 2. juli kl. 22.30
Natt på teateret
Nynorskhuset

Forrige
Forrige

DJ RADSEN | Noreg

Neste
Neste

Fjellklang spelemannslag | Noreg