DJ Radsen - Norge
DJ RADSEN/Dina Konradsen satsa på å komme inn på rein sjarm, og har sidan Norsk Næverfestival i 2023 klart å ræve seg greit inn i miljøet. HO stiller opp i tide og utide, stort sett delvis førebudd og alltid med eit variert utval folkebeats på lager. Som sjølverklært folkedansentusiast spelar ho med glede til dans i dei fleste miljø, om enn kanskje mest entusiastisk i lystige folkemusikklag. Trass i dette, vil settet innehalde noko for alle, uavhengig om det er pols eller pils som freistar mest.
Kom traddis og treng deg på, her skal du nyskaping finne!