DJ Daeva | Noreg

Ei verd av lydar og rørsler frå sju kontinent

Nasm, kjend som Daeva, er ein Oslo-basert DJ og kunstnar fødd og oppvaksen i Teheran. I over 20 år har Daeva hatt ei framtredande rolle på klubb- og festivalscenene i Oslo, og vore å høyre på Cosmopolite på Torshov, Nobels Fredssenter, Blå, Oslo Pride, Nasjonalmuseet, Riksscenen, Oslo World med meir. I tillegg har ho stadig fleire oppdrag utanfor landegrensene.

Rytmar reiser i verda omtrent slik menneska gjer; dei kryssar hav, plukkar opp språk på sin veg – og så ein stad endar dei opp med å danse saman. Daeva inviterer publikum til ei verd av lydar og rørsler på tvers av alle våre sju kontinent, så her er det berre å opne opp sansane og gje seg i kast med dansegolvet.

Daeva spelar sitt sett i Biblioteket på Scandic, etter konsert med malawiske Gasper Nali Band. Konserten har fellesbillett, og går parallelt med Klubb komle på tur, som skjer på Larris Scene. Dei to scenene ligg ‘vegg i vegg’, så her er det meininga at du skal kunne vandre frå det eine til det andre og tilbake.

KONSERT

Laurdag 4. juli kl. 22.30
Gasper Nali Band / DJ Daeva

Biblioteket, Scandic

Fellesbillett med Klubb komle på tur, på Larris Scene.


Forrige
Forrige

Den lange vandringa | Noreg

Neste
Neste

DJ RADSEN | Noreg