Den lange vandringa | Noreg

Møtet mellom reinen og menneska - og musikken

Dei kom til Europa på same tid, dei to. Reinen vandra inn over kontinentet langs Beringlandbrua over Uralfjella i nord. Mennesket kom frå Afrika i sør. Reinen frå is og snø, mennesket frå sol og varme. Sidan skulle dei to slektene fylgjast åt i ein halv million år. Kvar går vegen vidare, for menneska og for reinen?

Vandrande rein har helde tre ulike menneskeartar i live gjennom krevjande klimaendringar. Eit titalls gongar har kulde og isbrear presse menneska saman i små istidsfugiar og kvar gong blei reinen råvara dei kunne leve av  og overleve på i lyset frå flammande bål.

No endrar klimaet seg på måtar som gjer at tap av natur står i fare for å utrydde reinen. For første gong er det reinen som treng hjelp av menneska.

«Folkemusikken og forteljingane» er eit tverrkunstnarleg programsamarbeid med Rom for ord som tar utgangspunkt i boka «Den lange vandringen – Rein og mennesker gjennom 500 000 år.» av Reidar Andersen og Olav Strand. Musikk av Benedicte Maurseth, illustrasjonar av Benoit Clarys.

Manus og tilpassing av tekstar for scena: Håvard Klyve Parr
Regi og instruksjon: Terje Lyngstad

Med:

Benedicte Maurseth - hardingfele

Olav Strand - forteljar

Vebjørn Enger - tekstlesar

Dagen før den litterære konserten, fredag 3. juli kl. 15.30, vert det førsamtale på Førde bibliotek med forskar Olav Strand, musikar Benedicte Maurseth og historikar Håvard Klyve Parr.

FØRSAMTALE OG KONSERT


Laurdag 4. juli kl. 18.00
Den lange vandringa

Festsalen, Førdehuset

Fredag 3. juli kl. 16.30
Førsamtale med Benedicte Maurseth, Olav Strand og Håvard Klyve Parr
Førde bibliotek, Førdehuset
Les meir på facebook

GRATIS

Forrige
Forrige

Daughters of Donbas | Ukraina, Canada

Neste
Neste

DJ Deava | Noreg