FRIKAR - VOLUSPÅ | Noreg

Hallgrim Hansegård (f. 1980) er ein norsk koreograf, dansar og gründer som har gjort hallingdans og norsk folkedans synleg internasjonalt. Verka hans er viste i meir enn 30 land, har skapt debatt – mellom anna gjennom sensur i Italia – og har nådd eit stort publikum digitalt. Han etablerte dansekompaniet FRIKAR i 2006, som har opna nye rom for dansarar innan halling, break, capoeira og nysirkus. Hansegård står også bak Frikar-Akademiet, talentprogrammet FRIKAR X og fleire utviklingsprosjekt i Valdres.  

Med VOLUSPÅ feirar FRIKAR 20 års-jubileet sitt. 

 

Akrobatikk, dans og mystikk for heile familien

Fem dansarar og fire musikarar formidlar eldgamal mytologi, gjennom dans og akrobatikk, levande musikk og vågale visuelle element. Dette er ei heilt ny og spektakulær framsyning for heile familien - i kjend Frikar-stil!. -Lytt til meg alle heilage slag. Slik startar medisinkvinna forteljinga si i diktet Voluspå. Alle er heilage, og alt heng i hop. Gjennom å lytte intenst til natur og kultur, ser ho kva som vil komme, og advarar oss om klimakrise, splitting og utestenging.  

Voluspå er eit av dei eldste og mest sentrale dikta i norrøn mytologi. Gjennom visdommen til ei spåkvinne - ei volve - fortel det om skapinga av verda, menneska sin lagnad og gudane. Diktet utforskar samanhengane i livet, kreftene i naturen og menneska sin plass i universet, og har vore ein viktig del av Norden sin kulturelle arv i over tusen år.   

Over tusen år seinare får dette gamle diktet nytt liv i danseframsyninga til FRIKAR. Musikarar og dansarar inviterer publikum inn i ei verd der folkedans, vikingbryting og gamle folkemusikkinstrument møter samtidskomposisjon og ny forsking. Hallgrim Hansegård let visdomen i diktet få utfalde seg gjennom kropp, rytme og lyd, og viser kva vi i dag kan lære av gamal  naturkunnskap.  

Original ide og konsept: Hallgrim Hansegård 

Koreografi, scenografi og musikk: Hallgrim Hansegård. 

Medskapande dansarar: Julianne Solli, Jon Filip Fahlstrøm, Marnie Fiebig, Naomi Bratthammer, Mathias Engelstad. 

Medskapande musikarar: Synnøve Brøndbo Plassen, Esther Thunander, Jacob Hee Lund, Bjarne Kvinnsland. 

Lyddesign: Bjarne Kvinnsland 

Figurmaker og instruksjon figur-føring: Pascale Blaison 

Kostymedesign: Line Maher 

Lysdesign: Gard Gitlestad 

Produsent: Kirsti Buchanan Ulvestad 

 

Med-produsentar: Bærum Kulturhus - Dans Sørøst-Norge, Figurteatret i Nordland, Sprang - landsdelsscene for dans, Fjelldansen og Talentprogrammet FRIKAR X. 

Produksjonen er støttet av Kulturdirektoratet v/Norsk Kulturråd, Regionalt kulturfond - Innlandet, Sparebankstiftelsen DNB, Talent Norge, Innlandet fylkeskommune. 

Forrige
Forrige

Amira Medunjanin | Bosnia-Herzegovina

Neste
Neste

Kanazoé Orkestra | Burkina Faso