Gabriel Fliflet | Noreg

Musikalsk vert i særklasse

Gabriel Fliflet er ein fargerik folkemusikar og musikkmakar, og ein velkjend, humorist og klubbvert frå Bergen, kjend for sitt fleirkulturelle musikkuttrykk. Trekkspel er hovudinstrument, men i tillegg trakterer han pianoet og brukar stemma som ingen andre. Musikken hans kling etter eit langt liv med folkemusikk. Den gjev energi, og har i 40 år vore eit lukkeleg levebrød for Fliflet. Gjennom året turnerer han med fleire konstellasjonar, men kvar sommar har han vore ein trufast gjest på Førdefestivalen. Gabriel Fliflet og hans Columbi Egg er for ein institusjon å rekne på festivalen, og i år er du igjen velkomen til å nyte akustisk folkemusikk og god stemning i Hugleik - med Fliflet og hans musikalske gjester frå fjern og nær.

 

Gabriel Fliflet – vert, trekkspel, song

KONSERT

Laurdag 4. juli kl. 23.00
Columbi Egg

Hugleik, Scandic


Forrige
Forrige

FRIKAR - VOLUSPÅ | Noreg

Neste
Neste

Gasper Nali Band | Malawi