HrayBery - Polen, Ukraina

Gjev nytt liv til gløymd dansemusikk

HrayBery er eit polsk-ukrainsk band som gjev nytt liv til gløymd dansemusikk frå grenseområda mellom Polen og Ukraina. Musikken har røter heilt tilbake til 1500-talet, og speglar eit tid då området var ei blanding av dialektar, språk og musikk i ein fleirkulturell og fredeleg smeltedigel der ukrainarar, polakkar, jødar og romfolk levde side om side.  

HrayBery spelar på autentiske instrument; fele, hakkebrett, rammetromme og bass, og er eit viktig vitnesbyrd om ei svunnen tid i dette området.

Repertoaret spenner frå vals og polka, til kosakkdansar, kolomyjka, mazurka med meir, som dei har rekonstruert på grunnlag av arkivkjelder – lydopptak eller notar. 

Musikarane i HrayBery har vore aktive på musikkscena i lang tid, og har gjennom åra vore medlemmar i fleire ulike band. Dei er superpopulære på dansefestar og konsertar i Polen der dei bur, men har også spelt til dans i Sverige og Danmark, Rudolstadt Festival i Tyskland, Tallinn Music Week i Estland, Folkfest i Italia og WOMEX i Tampere, Finland, der vi opplevde dei i toppslag seint, seint ein laurdag kveld.

Førde er første stopp i Noreg, og vi håpar du finn vegen til dansegolvet når vi slepper denne fine gjengen til med sitt livlege dansespel! HrayBery sin eigen dansar leiar gjerne an – så her har du sjansen til å tileigne deg nokre danseformer – eller slå deg laus, når kosakkrytmane kallar. Alt er lov! 

KONSERT


Laurdag 4. juli kl. 22.30
Klubb Komle på tur + konsert i biblioteket (artistnamn kjem)
Larris Scene / Biblioteket, Scandic

Forrige
Forrige

El Pony Pisador - Catalonia, Spania

Neste
Neste

Rastak - Iran