Molsky's Mountain Drifters-konsert AVLYST

 

Konserten med Molsky’s Mountain Drifters er avlyst. Dei amerikanske musikarane har sett seg nøydde til å avlyse heile Norgesturnéen på grunn av den ekstraordinære situasjonen vi og resten av verda er i.

——————————————

Søndag 15. mars er det duka for gjenhøyr med Molsky's Mountain Drifters, trioen som i 2017 hadde æra av å spele første offisielle konsert på LARRIS SCENE. Det vart ein absolutt minnerik kveld, og no kan vi altså ønskje både deg og Bruce Molsky sin trio velkomen tilbake. Og for deg som enno ikkje har fått med deg ein konsert med denne flotte trioen - her er ein ny sjanse!

HER kan du kjøpe billett til konserten.

HER er konserten på facebook, om du vil dele og få med deg fleire på konsert!


Bruce Molsky, ein av dei mest ettertrakta felespelarane frå USA, trakterer banjo, gitar og vokal åleine eller med musikarar over heile verda. I Norge samarbeider ham mellom andre med Annbjørg Lien og Ånon Egeland. I trioen Molsky’s Mountain Drifters dyrkar han sin store kjærleik til den stemningsfulle og spreke folkemusikken frå Appalachane, og vartar opp med svingande godlyd som går rett i hjartet!

I trioen har han fått med seg Allison de Groot, som også elskar amerikansk «oldtime music». Ho er kjend for sine to eigne gruppar, The Goodbye Girls og Oh My Darling, som har turnert dei store folkemusikkfestivalane i Europa. Akkurat som Bruce Molsky er ho hekta på samarbeid, og det å fornye og friske opp tradisjonelle uttrykk.

Den tredje musikaren i trioen er Stash Wyslouch, representant for den unge generasjonen i amerikansk bluegrass. Han starta musikkarrieren i metal-band, men fann snart seg sjølv som medlem i rootsbandet The Deadly Gentlemen. Med eminent gitarspel og vokal, og ein dose punk-metall i blodet, tilfører han ein ekstra puls til trioen.

ALLISON DE GROOT banjo
BRUCE MOLSKY fele, banjo, vokal
STASH WYSLOUCH gitar, vokal

 
Torill Gundersen