‘Kjønn på spel’ tema for Førdefestivalen 2020

 

Temaet og dei første artistane er klare for Førdefestivalen 2020.


Førdefestivalen legg jubileumsfestivalen bak seg, og satsar i 2020 på eit dagsaktuelt tema: Kjønn på spel. -Kjønn handlar ofte om grenser, eit skilje mellom ein type menneske og ein annan, og eit sett med karakteristikkar som pregar dei personane vi plasserer innanfor kategoriane ‘kvinne’ og ‘mann’. I mange tilfelle veit vi ikkje nøyaktig kvar grensene går før nokon utfordrar eller kryssar dei. Når nokon gjer det, kan det opplevast som forvirrande, eller til og med provoserande. På festivalprogrammet til sommaren er det fleire artistar som tøyer dei usynlege grensene. Kanskje vil årets tema utfordre nokre normer, opne nokre auge og bringe fram nye tonar. Eg håpar det!, seier fungerande festivaldirektør for Førdefestivalen, Sølvi Lien.

HER ser du oversikt over artistane som er sleppte pr. 17. desember

Mannsdominert bransje

I svært mange folkemusikktradisjonar er kjønns-spørsmålet sentralt, men det handlar ikkje berre om kvinner. Musikken og dansen speglar samfunnet. Vi som programmerer festivalar må vere medvitne om at musikkbransjen generelt har vore og er mannsdominert. Det gjeld utøvarsida og blant produsentar, teknikarar - og kunstnarlege leiarar. -Førdefestivalen har valt å fokusere på kjønn fordi temaet ikkje er ferdig snakka, seier Lien. Først og fremst er det kvinnene sin plass som står på spel, og difor vil festivalprogrammet neste år ha eit stort innslag av sterke kvinnelege artistar som er pionerar og viktige rollemodellar for andre. Ingen kjem på programmet til Førdefestivalen fordi dei er kvinner, men fordi dei er veldig gode.

Kartellet med ny danseproduksjon

-Festivalen sitt Kjønn på spel-tema går midt inn i kjernen på det vi driv med, fortel Sigurd Heide, kunstnarleg leiar for dansekompaniet Kartellet, som skal lage ein heilt ny danseproduksjon til Førdefestivalen. Kartellet er ei av få grupper som gjennom sin scenekunst og nytolking av folkedansen viser oss nokre av grensene vi medvite eller umedvite set opp for menn i vårt samfunn, i vår tid. Det gjer dei ved å vise noko så grunnleggande som fysisk nærleik mellom menn.  

-Kvinner dansar med kvinner og menn dansar med menn. Tenk om dette var regelen, på lik linje med at kvinner dusjar saman og at menn dusjar saman, seier Sigurd Heide, kunstnarleg leiar for Kartellet. -Det heiter forresten ‘å danse staur’, og dette blir sentralt i den nye framsyninga, der Kartellet for første gong også vil ha med kvinnelege dansarar. -Vi gler oss til å vise korleis dette gjev nye assosiasjonar og tolkingar til det inkluderande, danseriske universet vårt. Intimsoner mellom menneske er i stadig forandring. Når kan to av same kjønn leike? Vi syns at vaksne skal leike, seier Heide. Rett etter framsyninga vert det paneldebatt der mellom anna nærleik mellom same kjønn vert diskutert.

Sjeldne kvinner

For å illustrere temaet Kjønn på spel, inviterer Førdefestivalen sterke kvinnelege instrumentalistar, kvinner i mannlege tradisjonar, men også menn i kvinneroller. Brasilianske Dona Onete har på få år vorte ein kultperson i heimlandet. Onete er professor i historie og Amazonas-studiar, og har forska på rytmane, dansane og tradisjonane til urfolk i området. Ho song i sin ungdom, men etter at ho vart gift, var songkarriere ikkje tema, så ho debuterte i ein alder av 72. -Den no 80 år gamle dama er frittalande og har stått på barrikadane både for rettane til homofile og til kvinner. Ho er kjend for sin svært dansbare musikkstil, og har ei fantastisk sceneutstråling. Vi opplevde ho i Finland i haust, og inviterte ho tvert til Førde! seier Sølvi Lien, som blir overraska om ikkje publikum i Førde vil elske amazonasdronninga! 

Sona+Jobarteh+2019+best+version.jpg

Sona Jobarteh er frå Gambia og fødd inn i ei av dei fem sentrale griotslektene i Vest-Afrika. Jobarteh har ein internasjonal karriere, og er den første kvinna frå ei griotslekt som spelar kora profesjonelt. Koraen tilhøyrer tradisjonelt griotslektene, og i ein 700 år gamal tradisjon har musikartradisjonen vorte overført frå far til son. Sona Jobarteh utfordrar ikkje berre ein mannsdominert musikktradisjon, men har også markert seg som komponist, produsent og kulturentrepenør.

Asmâa Hamzoui.jpg

Gnawa-pioner

Gnawa-tradisjonen i Marokko er på Unesco si verdsarvliste, og er ein annan mannsdominert musikktradisjon der dyktige kvinner dei siste åra har gjort seg bemerka, fortel festivaldirektøren. -Asmâa Hamzaoui er den første kvinnelege gimbri-musikaren i Marokko, og ho og bandet hennar har sparka i gang ein liten revolusjon i den marokkanske gnawa-musikken.

Mannleg vokaltradisjon tolka av kvinner

Den afrikanske vokaltradisjonen mbube, mest kjend gjennom gruppa Ladysmith Black Mambazo, vert tradisjonelt framført av menn, mykje fordi ein djup bass er viktig i denne sjangeren. Dei fem kvinnene i Nobuntu frå Zimbabwe let seg ikkje stoppe av det. – Nobuntu fortel at mange har spurt dei om korleis dei skal klare å synge slik, og kvar bassen skal komme frå? Men dei gjer det, og bass har dei. Ikkje på same måten som menn, men på sin eigen måte, fortel Lien.

FRIEL-SISTERS-171-1.jpg

Irsk søstertrio og finsk trekkspelvirtuos

Johanna Juhola - imaginary_friends_pressphoto.jpg

I Irland og Storbritannia går debatten om fråveret av kvinner på folkemusikkscenene for fullt. -Ein liten realitetssjekk i vårt eige arkiv, viser at vi også tradisjonelt sett har presentert irske folkemusikkmenn, innrømmer Lien, som i år har invitert The Friel Sisters. Bandet med dei tre Friel-søstrene Anna, Sheila og Claire har på kort tid etablert seg i toppsjiktet i irsk folkemusikk, og er både glimrande instrumentalistar og songarar. Frå Finland kjem Johanna Juhola, ein fargerik trekkspelar heilt utanom det vanlege. -Rollemodellar som Juhola er viktige til dømes for å rekruttere jenter til enkelte instrument som kanskje vert oppfatta som maskuline.

Særeigen dansetradisjon frå India

Ein av dei meir særeigne tradisjonane som vert å sjå på Førdefestivalen, er Kathakali frå India. -Kathakali er ein 800 år gammal tradisjon, og ei blanding av tradisjonell dans og teater. Tradisjonelt har både mannlege og kvinnelege roller vorte dansa av menn, både fordi dansen var svært fysisk krevjande, men også fordi kvinner hadde sin plass i heimen, og dei kunne ikkje opptre offentleg etter dei vart gifte. Lien fortel at det dei siste åra har skjedd ei endring, og at kvinnelege kathakali-dansarar har vorte meir vanleg. No kjem det ein heil generasjon kvinner som vert profesjonelle kathakaliutøvarar, som tek tilbake dei kvinnelege rollene. -På festivalen i juli får du mellom anna oppleve, Dr. Hari Priya Nambudir, den mest kjende kvinnelege kathakalidansaren, som opptrer i Europa for første gong. I tillegg vil du du kunne følgje med når dansarane vert sminka, ein prosess som tek fleire timar.

Mangfald er tema på Førdekonferansen

Temaet for festivalen flyt også over til Førdekonferansen, dagskonferansen som går av stabelen torsdagen på festivalen. Konferansen vil fokusere på mangfald i kultursektoren og ha særleg vekt på  utøvarsida. Kjønn, funksjonshemming og etnisitet er aktuelle tema, og blant innleiarane finn vi namn som Ole Reitov frå Freemuse, teatersjef Erik Ulfsby ved Det norske teateret og Marte Wilhelmsen Solheim frå senter for innovasjonsforsking ved Universitetet i Stavanger. Konferansen vert leia av Maria Utsi. -Fleire spennande innleiarar er på veg inn i programmet, som skal vere klart i løpet av vinteren, seier Lien.

Desse artistane er klare for Førdefestivalen 2020 pr 16. desember:

Dona Onete (Brasil), Sona Jobarteh (Gambia), Kartellet (Norge), Asmâa Hamzaoui & Bnat Timbouktou (Marokko),  Nobuntu (Zimbabwe), The Friel Sisters (Irland), Johanna Johula (Finland), Haripriya Nambudiri Kathakali Ensemble (India) og Kajsa Balto (Norge)

 
Torill Gundersen