Festivalstaben sine høgdepunkt - i dag: direktør Per Idar Almås

Per Idar Almås leia sin første Førdefestival i 2019. Her vert han intervjua av under opningskonserten. Foto: Knut Utler

 

Då Per Idar Almås tok over som direktør for Førdefestivalen i 2018, tok han over stafettpinnen etter ho som hadde site lengst i direktørstolen for nokon festival i Norge, og - han tok over ein festival han ikkje hadde opplevd på nært hald. 2019 var såleis den første festivalen han programmerte og den første han var til stades på. I tillegg venta han og kona tvillingar tidleg i august. Det siste sette også ein ekstra spiss på ei av konsertopplevingane Per Idar trekkjer fram.

- Eg har plukka ut tre festivalminne, men eg har ikkje vore i Førdefestivalen så lenge, så minna er henta frå 2019-festivalen og eitt frå det som skulle vore fesivalveka i 2020. Frå 2019-festivalen kunne eg trekt fram mange minne, for som ny festivaldirektør stod inntrykka det året i kø. Mellom anna lurte me på om tvillingfødselen til kona mi starta under gallakonserten laurdag kveld! Det gjorde den ikkje, men det sette ein ekstra spiss på den opplevinga, seier han.

 
 

Karl Seglem med band: Rett og slett fordi det var den fyrste klubbkonserten i Førde under 2019-festivalen og det at eg hadde venta så lenge på at festivalen skulle kome i gong. Det var eit band i storform, det var vakkert visuelt og mykje publikum som storkosa seg på Larris Scene. Ein deilig start på festivalen.

 
 

Seckou Keita: Historien bak denne konserten gjorde opplevinga veldig sterk for oss som var til stades. Til festivalen i 2019 hadde me booka Solo Cissokho til å spele ein duokonsert. Diverre døydde Solo denne våren og etterlet eit stort tomrom i den store musikkfamilien. Me ville gjerne heidre han på festivalen han skulle ha spela på, og var heldige då nevøen hans, Seckou Keita, svært gjerne ville vise onkelen ære ved å spele i Førde. Seckou Keita er rekna som ein av dei mest spanande og nyskapande koraspelarane i verda. På konserten fekk han òg sonen, Ibou, og nevøen til Solo med seg på scena. Altså vart det ein nydeleg hyllest til ein stor musikar, av ein stor musikar, i Festsalen denne fredagen.

 

Ibou Cissokho og Solo Diarra. Foto: Birger Hagevold Johansen

 

Solo og Ibou: Det siste høgdepunktet eg vil trekkje fram, er frå det som skulle vore festivalveka i 2020. Som så mange andre måtte me avlyse årets festival, men me ynskte å gjere noko for å markere at det skulle ha vore festival. Me henta duoen Solo og Ibou (sistnemnde er son til Solo Cissoko, som eg nemnde nettopp). Dei skulle gjere seks poppopp-konsertar rundt i Førde i løpet av to dagar. Den fyrste konserten var utanfor Førde sentralsjukehus. For min del var det på dette tidspunktet nesten fire månadar sidan eg hadde høyrt lyden av levande musikk og i det augeblinket dei starta å spele,  forsvann både regnet og vinden for min del. For eit sakn det hadde vore å gå på konsert!

 
Forrige
Forrige

Førdefestivalen sin årskavalkade

Neste
Neste

Festivalstaben sine høgdepunkt - i dag: arrangementssjef Sølvi Lien