Festivalstaben sine høgdepunkt - i dag: arrangementssjef Sølvi Lien

Sølvi Lien (th) planlegg gallakonserten 2017 saman med konferansier Camilla Granlien (tv). Foto: Førdefestivalen

Ho fekk draumejobben på første forsøk, og etter å ha fått programmet og alt det tekniske på plass for alle arrangementa på festivalen, er jobben hennar å få med seg så mange konsertar som råd! Her er fire av høgdepunkta til arrangementssjef Sølvi Lien så langt i festivalkarrieren:

 

Fargespel i 2008

Den første opplevinga eg vil trekke fram er heilt tilbake til 2008, og framsyninga Fargespel. Fargespill-konseptet i Bergen hadde eksistert nokre år allereie, og i samarbeid med Førdefestivalen vart konseptet no eksportert til lokalsamfunnet i Førde. Eg var involvert i heile prosessen, frå å finne deltakarane i Førde, gjennom opp- og nedturar på øvingane i løpet av våren og vinteren, og fram til ferdig framsyning i Storsalen under festivalen.  Eg trudde eg visste kva eg gjekk til då eg sette meg i salen, men eg vart teken heilt på senga likevel. Der stod desse flotte borna og ungdommane som knapt torde å synge ein tone på første øving, rakrygga og trygge, og med proffe rammer rundt seg, og song og dansa som dei aldri skulle ha gjort noko anna. Eg grein og grein, trur eg hulka til tider, og klarte ikkje å stoppe før lenge etter framsyninga. Det er den sterkaste opplevinga eg har hatt på festivalen!

 

Foto: Knut Utler

 

Polsk-norsk samarbeid  

Det neste er frå 2010, og er på ein måte eit av dei beste og eit av dei verste minna samstundes. Vi i Førdefestivalen tok initiativ til eit samarbeidsprosjekt mellom den norske trioen Tindra og den polske klezmertrioen Kroke. Vi hadde sjølvsagt tru på prosjektet når vi sette det i gang, men musikarane fann tonen på ein måte vi aldri kunne ha drøymt om. Det vart eit draumeprosjekt rett og slett. Eg hadde vore innom litt når dei øvde og på lydprøver, og gledde meg veldig til konserten. Det gjorde tydelegvis mange andre også, for Festsalen vart for liten for alle som ville ha dette med seg. Eg er som regel travel under festivalen, og kom rett før konserten skulle starte. Då var det så fullt at dei (vi) ikkje kunne sleppe inn fleire. For ein nedtur! Eg var høggravid og emosjonell, og trampa meg ein tur i parken, medan eg forbante meg på at eg skulle sjå dei ved neste høve uansett kvar det var. Tilbake på Førdehuset høyrde eg trampeklappa inne frå salen, og såg etter kvart alle som kom ut, oppildna av ein heilt fantastisk konsert. Eg måtte vente heilt til neste år, men då fekk eg endeleg høyre dei, på Vossajazz.

 
 

Trekkspel med Linda 

Så må eg trekke fram konsert med Linda Gytri Trio i 2015. For meg var dette trekkspel på ein heilt ny måte. Så utruleg vakkert, så virtuost. Og for eit samspel i trioen. Eg ville berre høyre meir og meir. På konserten på festivalen var son min på 5 år med, og fekk sitte på første rad. Han sat som eit lys heile konserten, og slukte det rått. Etterpå var han fast bestemt på at han også ville spele trekkspel, og Linda Gytri sin cd gjekk på repeat på rommet hans i lang tid etterpå. Han spelar trekkspel no 😊

 
 

Førdefestivalen sitt gigantprosjekt 

Til slutt må eg trekke fram det største prosjektet vi nokon gong har gjort på festivalen, nemleg Nordic Sound Folk Orchestra i 2017.

Tenk å få lage eit heilt orkester av dei beste nordiske folkemusikarane, med nylaga musikk, og på folkemusikken sine premissar. 40 musikarar, 4 komponistar og 9 solistar liksom. Ein våt draum for ein amatørfelespelar og festivalorganisator! Det var litt av ein jobb å få det til, både å få finansieringa på plass, og ikkje minst å administrere det heile. Men resultatet vart eineståande! Konserten vart også filma, og vist på Hovedscenen på NRK. Der er den framleis tilgjengeleg. Berre eit tips om nokon skulle trenge eit folkemusikkorkester ein kveld.

 
Forrige
Forrige

Festivalstaben sine høgdepunkt - i dag: direktør Per Idar Almås

Neste
Neste

Festivalstaben sine høgdepunkt - i dag: kommunikasjonssjef Torill Faleide