Førdekonferanse om framtidas reiseliv

Karl Seglem opnar Førdekonferansen 2019. Foto: Espen Stensvoll.

Karl Seglem opnar Førdekonferansen 2019. Foto: Espen Stensvoll.

Gjeld eller gåve?

Av dei mange spørsmåla som vart drøfta på Førdekonferansen torsdag 4. juli, stilte Arild Molstad det første og største: Er det ei gjeld eller ei gåve vi etterlet oss til neste generasjon?

Arild Molstad er ein våre mest erfarne reisejournalistar. Reiselivet står framom ein formidabel vekst, og Molstad er uroleg. Særleg gjekk han hardt ut mot cruise-turismen, som skaper det han kalla ein usunn cruise-avhengigheit i fjordbygdene våre. - Langs leia står folk med lua i handa og takkar for lite og ingenting, turismen tek meir enn den gir tilbake. Vår viktigaste kapital, natur- og kulturkapitalen, er i ferd med å skrumpe inn, sa Molstad.

-Knappheitsgoder stig alltid i verdi, understreka han vidare. - Det vestnorske fjordlandskapet er eit slikt gode. Økonomisk vekst treng ikkje bety auka forbruk, tvert om. Molstad har vore med å utvikle «Veikart fra reiselivsnæringen i Norge». Her formulerer dei store aktørane i bransjen eit felles mål om å rette marknadsføringa mot turisme som gjev høg avkastning, men låg miljøpåverknad.

Kirsti Mathiesen. Foto: Espen Stensvoll

Kirsti Mathiesen. Foto: Espen Stensvoll

Kulturopplevingar er ein «game changer»

I år samla Førdekonferansen rekordmange deltakarar. Nærare nitti personar prioriterte å bruke dagen i Eikaas Amfi på festivalhotellet. Kirsti Mathiesen Hjemdal, forskingssjef i Agderforsking, argumenterte engasjert for korleis kunst- og kulturopplevingar som dei Førdefestivalen byr på, kan bli ein «game changer» for det grøne reiselivet. Ho la vekt på at det å kuratere slike opplevingar er ein eigen kunnskap. Utan denne kunnskapen endar vi opp anten med å kaste perler for svin eller med verdilause klisjèar, hevda ho.

Margrethe Helgebostad. Foto: Stig Roger Eide

Margrethe Helgebostad. Foto: Stig Roger Eide

Råning som attraksjon

Også Margrethe Helgebostad, ansvarleg for reiselivsanalyse i Innovasjon Norge, understreka kulturopplevingane sitt potensiale, men påpeika at turistane er som Ole Brum og seier: Ja, takk – begge deler. Over sytti prosent vil ha både natur og kultur, og dei vil ha det typisk norske.  I ein humørfyllt gjennomgang av analysematerialet, foreslo Helgebostad nye forståingar av kva det typisk norske kan vere. Råning i ein trimma Volvo, til dømes. Ei eksotisk oppleving vi kan reindyrke, smilte ho til latter og applaus frå salen. Fylkesdirektør for kultur og næring, Jan Heggheim, zooma inn på vestlendingen og vår eigenart som eit spor å følgje i marknadsføring og merkevarebygging.

Statssekretær Atle Hamar fekk ros både frå Molstad og seinare frå Kristian B. Jørgensen, administrerande direktør i Fjord Norge AS. – Atle, du er vår mann i arbeidet mot grønare turisme, sa Jørgensen. Hamar kvitterte med å klargjere at norsk reiseliv lever av rein natur.

Atle Hamar. Foto: Espen Stensvoll

Atle Hamar. Foto: Espen Stensvoll

Nærsynte og trongsynte

Mot slutten av dagen fekk reiselivsnæringa sjølve ordet, då steig også temperaturen i debatten. – Vi er nærsynte! Trongsynte er vi også, sa direktør i Fjord 1 Dagfinn Neteland engasjert. Vi er så redde for at naboen skal lukkast. Det må vi slutte med! Oppe i Geiranger er dei livredde for at turismen aukar i Rauma. Kvifor samarbeider dei ikkje, heller? Vi må samarbeide mykje betre, og vere rausare. Eg er ikkje politikar, men om eit parti skriv «godt samarbeid» i programmet sitt, då stemmer eg på dei!

Rolf Sanne Gundersen leia samtalen med Dagfinn Neteland (Fjord1) og Sigurd Kvikne. Foto: Espen Stensvoll.

Rolf Sanne Gundersen leia samtalen med Dagfinn Neteland (Fjord1) og Sigurd Kvikne. Foto: Espen Stensvoll.

For og i mot cruise-turistar

Dagleg leiar i Sunnfjord utvikling Rolf Sanne Gundersen leia debatten mellom hotelldirektør Sigurd Kvikne i Balestrand og direktøren i rederiet. Medan Kvikne har erklært Balestrand for «cruise-fri sone» ynskjer Neteland cruise-turistane velkomne, men i meir kontrollerte former. Heilårsturisme og gode, føreseielege kommunikasjonar var dei begge einige i at det må satsast på.

Per Idar Almås, direktør Førdefestivalen. Foto: Espen Stensvoll.

Per Idar Almås, direktør Førdefestivalen. Foto: Espen Stensvoll.

Heretter heiter det vi

Direktør i Førdefestivalen, Per Idar Almås, snakka også varmt om samarbeid og framsnakking som strategi. Sigrid Moldestad leia programmet med stø hand og små personlege forteljingar som sette dei ulike innlegga i perspektiv for deltakarane. Då ho avslutta med å synge eitt av dei tonesette dikta til Jan Magnus Bruheim, var det ei påminning både om gåva vi skal ta vare på og gje vidare til neste generasjon, og om kor viktig det er å hjelpast åt og vere rause både i reiselivet og elles i livet:

 

"Dei stride og strøymande tankar
og hugen, drøymande still.
Kva verd har vel det, um eg ikkje
har nokon og gjeva det til ? 

Kva vil eg med alt eg seier? 
og alle orda eg skriv? 
Om dei ikkje har ande og hjarteslag 
som i deg kan skape liv? 

Kva batar all medgang i verda
som kjem og tynger deg ned. 
Tomt er det alt, om eg ikkje har nokon
å dele gleda med. "

Her kan du sjå programmet for Førdekonferansen 2019.

Torill Gundersen