Perkverket – Birger Mistereggen

 

Ein hyllest til ur-instrumenta  

Slagverkar, perkusjonist og munnharpespelar Birger Mistereggen har lenge gått med ein draum om å skape eit prosjekt der trommeslagaren står i fokus. Ein konsert der slagverktradisjonar frå mange ulike verdsdelar leitar etter det fellesmenneskelege i tromma si kraft. Ideen har vorte ein realitet ved at Jon Balke har komponert Perkverket, for eit ensemble på 8 av våre leiande perkusjonistar og slagverkarar frå ei rekkje ulike tradisjonar, i tillegg til han sjølv, der alle også er medskapande.

Her ligg det til rette for alle tenkjelege og utenkjelege kombinasjonar mellom tablas, og norske trommeslåttar, persiske og samiske rammetrommepraksisar, melodiske instrument og mikrotonale modulasjonar i syngande trommeskinn, tunge groovar, heftige tuttiparti og solistiske eskapadar.

Det blir ein hyllest til ur-instrumenta som har markert livsrytmen i tallause tradisjonar. For slik rytmen er ryggrada i musikken, har tromma alltid samla menneska. Til feiring og transe, til måltid og til bøn. Og til kamp, motstand og samhald. Trommene har snakka sitt eige språk, og har ei ibuande kraft vi treng i dag!

I ei tid der KI, chatbotar og skylagring jafsar over stadig større deler av samhandlinga mellom menneske, treng vi jording og musikk som gjev oss bakkekontakt. Trommer og trampande føter. Jorda er ei tromme. Ei sirkulær og syngande livskjelde av buldrande uro og kolliderande kontinentalplater, der havoverflata spenner tynne segl og undersjøiske djup og rolege bølgjer dreg vispane over mjuke sanddyner i ein søvnig rytme. Som ein kropp der mageskinnet står spent over hoftekam og ribbein, ei hud strekt over våre bankande hjarte og den pumpande luftbelgen i lungene.

 

Birger Mistereggen

Jon Balke

Helge Norbakken

Kaveh Mahmudiyan 

Sanskriti Shrestha

Michaela Antalová

Nora Sjøgren

Solo Diarra

Jakop Janssønn

 

Perkverket er produsert i samarbeid med Riksscenen, og med støtte frå Kulturrådet:

 
 

Konsert:

Fredag 5. juli kl. 18.30 Perkverket

Nynorskhuset, Teatersalen


 
Forrige
Forrige

Opheim / Apeland / Økland

Neste
Neste

Puuluup