Puuluup

 

Ein porsjon surrealisme, moderne folklore og jouhikko!

Med ein porsjon surrealisme, moderne folklore og tradisjonsinstrumentet jouhikko (taglharpe) har Estlands-duoen Puuluup skapt ei makelaus blanding av gamalt og nytt! Kjennemerket deira er den karakteristiske lyden av jouhikko, eit eldgammalt instrument som opprinneleg kom frå Skandinavia. På 1870-talet kom det religiøse vekkingsbølger også til Estland, og til liks med hardingfela i Norge vart jouhikko forbunde med djevelen sjølv. Jouhikkoar vart brende, og tradisjonen døydde ut. Men no er den på veg tilbake i Estland, og derfor kallar Puuluup musikken sin for “zombie-folk”.

Tekstane og melodiane er ei blanding av nostalgiske melodiar og improvisasjon. Alt saman er inspirert av slåttar frå øya Vormsi, finsk jouhikko repertoar, afrikansk ørkenblues, russiske chastushkaer og tradisjonar frå internasjonale musikktradisjonar. Like sterk er inspirasjonen Puuluup hentar frå helt andre kjelder som til dømes polske tv-seriar, gamal punk frå Estland og brissel frå Vormsi. Duoen har også utvikla ein heilt eigen, ‘utagerande’ (el. eksentriske) koreografi, som er eit resultat av dei endelause dagane dei har brukt i øvingsrommet i lag.

 

Ramo Teder - jouhikko, elektronikk

Marko Veisson - jouhikko, elektronikk

 
 

 Konsert:

 Fredag 5. juli kl. 22.30 Puuluup/Naaljos Ljom

Larris Scene, Scandic Sunnfjord hotell


 
Forrige
Forrige

Perkverket – Birger Mistereggen

Neste
Neste

Rolf Roys