Opheim / Apeland / Økland

 

Folkemusikktonar som løftar deg

I over 30 år har desse tre framståande folkemusikarane, Berit Opheim, Sigbjørn Apeland og Nils Økland, spelt saman i ulike musikalske samanhengar. Og like lenge har tradisjonsmusikken vore deira store inspirasjonskjelde og den viktige substansen i den musikalske utforskinga dei har drive, både saman og kvar for seg. Til Førdefestivalen kjem trioen med folkemusikk frå Vestlandet i eigne arrangement, ein del nykomponert musikk frå dei alle tre – og som alltid vil improvisasjonselement ha stor plass i samspelet deira. Musikken blir mellom anna henta frå albuma Glimmar, til duoen Apeland og Økland, og Velsigna er dagen, Opheim og Apeland sitt album.

Berit Opheim – vokal

Sigbjørn Apeland – trøorgel

Nils Økland – hardingfele

 

Arrangement:

Laurdag 6. juli kl. 22.30 Columbi Egg

Restaurant Hugleik, Scandic Sunnfjord hotell


 

Søndag 7. juli kl. 13.30 Opheim/Apeland/Økland

Førde bedehus


 
Forrige
Forrige

Naaljos Ljom

Neste
Neste

Perkverket – Birger Mistereggen