Lávre

 

Moderne djupdykk i samiske røter

Lávre er ein ung samisk musikar og artist frå Kautokeino som balanserer tradisjon med nyskaping og strekker seg på tvers av sjangrar og generasjonar. Det musikalske uttrykket hans er sterkt forankra i den samiske joiketradisjonen, men på same tid både utforskar han og søkjer han etter nye impulsar. Med gitar og effektpedalar skapar Lávre eit atmosfærisk med jordnært lydbilde. Han inviterer publikum til å reise gjennom ting som ofte er litt gøymde under overflata, både for ein sjølv og i den samiske kulturen. Musikken er ein spennande kombinasjon av joik og song, intuitivt gitarspel og tekstar som tek utgangspunkt i den rike metaforiske lyrikken som finst i gamle joikar.

På debutalbumet Vuložat, som grovt kan omsetjast med ‘dei eller det som bur under’, har han samla låtar med både tradisjonell joik og samtidsjoik. Albumet er eit resultat av mange år med indre arbeid der Lávre har reflektert over sin eigen, personlege mytologi på same tid som han har djupdykka i det historiske opphavet til det samiske folket.

Lavre Johan Eira – gitar, joik

Jakop Janssønn - perkusjon

Eirik Fjelde - tangentar

 

Konsertar

Onsdag 3. juli kl. 21.00 Làvre

Larris Scene, Scandic Sunnfjord hotell

 

Torsdag 4. juli kl. 20.00 Opningskonsert: Røter

Idrettshallen, Førdehuset


Forrige
Forrige

Ladama

Neste
Neste

Lena Jonsson Trio