Lena Jonsson Trio

 

Rotekte og karismatisk folkemusikk

Lena Johnsson har karismaen til ei rockestjerne og er ei av Sverige sine mest spenstige og innovative folkemusikarar.  Med eit ope og nysgjerrig musikalsk sinn hentar ho inspirasjon frå fleire sjangrar og kombinerer sin grundige kunnskap om svensk tradisjonsmusikk med lyden av rock, pop, jazz, amerikansk ‘oldtime’ og blågras.

Lena Jonsson har vakse opp i folkemusikkmiljøet i Hälsingland, og alt som 11-åring spelte ho i band. Ho har utdanning frå Musikhøgskolan i Stockholm, Berklee College of Music, og fekk svensk folkemusikk si høgste utmerking, riksspelman, i 2008. Debutplata, ‘Places’ (2019) vart nominert til svensk grammy, og i 2021 vann ho i kategorien ‘Årets folk’ med oppfølgjaren ‘Stories from the Outside’, med Lena Jonsson Trio. I 2023 kom albumet ‘Elements’, også det til strålande kritikkar, og nominert til årets Grammis i Sverige i kategorien folkemusikk.

I Lena Jonsson Trio blir kraftfullt felespel vevd saman med variert og lydmalande gitarspel og drivande bassrytmar. I eit samspel som osar av speleglede, leverer trioen musikalsk briljans med humor, innleving og utstråling.

Lena Jonsson - fele

Kristofer Sundström - bass og el.bass

Erik Ronström - gitar

 
 

Arrangement:

Laurdag 6. juli kl. 12.30 706 moh.: Lena Jonsson Trio

Hafstadfjellet


Laurdag 6. juli kl. 20.00 Nordiske røter

Idrettshallen, Førdehuset


 Søndag 7. juli kl. 17.30 Lena Jonsson Trio

Jakob Sande-tunet


 
Forrige
Forrige

Lávre

Neste
Neste

LINA_FADO CAMÕES