Latin-alternativ Ladama-musikk!

LADAMA er ei gruppe av fire kvinner, virtuose musikarar – Lara Klaus, Daniela Serna, Mafer Bandola og Sara Lucas – frå ulike land og kulturar i Amerika. Dei er søstrer i song, rytme og ånd. Dei brukar musikken frå heimlanda sine, Brasil, Colombia, Venezuela og Nederland. Alle fire trakterer både  folkemusikkinstrument og andre instrument, og tilset ein dose modernitet når dei framfører sin  latin-alternative musikk.

I 2017 gav dei ut den sjølvtitulerte plata LADAMA. Plata var heilt ‘i tida’, då både Latin-Amerika og USA hungra etter prosjekt som kunne sprenge nokre grenser og trasse faste normer. Debut-albumet deira var ei musikalsk og kulturell reise gjennom Brasil, Colombia, Venezuela og New York.  All musikk er signert dei fire i bandet, og tek pulsen på myriaden av multi-amerikanske tradisjonar og rytmar, godt blanda til eit unikt og friskt uttrykk. Her får du både cumbia, maracatu, onda nueva og joropo – med eit snev av soul, R&B og pop, i det som blir ein eigen LADAMA-stil.

 

Lara Klaus – perkusjon, gitar, vokal

Daniela Serna – perkusjon, vokal

Mafer Bandola – bandola, vokal

Adinda Meertins – bass, vokal

 
 

Konsertar

Laurdag 6. juli kl. 23.00 Festivalnatt: Kobo Town/Ladama

Sunnfjordsalen, Scandic Sunnfjord hotell


 Søndag 7. juli kl. 17.30 Ladama

Sognefjord akvarium, Balestrand


Forrige
Forrige

Kompani Byre

Neste
Neste

Lávre