Kompani Byre

 

Kompanisjef Geir Byre ga i 2008 ut sin første produksjon med eigne gammaldans-komposisjonar ‘I sjøldæle’ (‘å vere i eigne tankar’). Sidan den gong har han komponert nye slåttar, som i 2022 resulterte i plata ‘Ei rar tid’. Kompaniet stilte på Landsfestivalen i gammaldansmusikk i Førde i august 2023, og var ikkje snauare enn at dei skaut innertiar og gjekk heilt til topps. Som ein del av premien, sikrar kompaniet seg invitasjon til dansespel på Førdefestivalen 2024.

I tillegg til kompanisjefen sjølv, som spelar gitar, har han fininnstilt siktet godt med tanke på å få dyktige befal i troppen. Her finn du nokon av dei mest ettertrakta og dekorerte innan sjangeren. Dette luktar det krut av!

 

Geir Byre - gitar

Mads Erik Odde - trekkspel

Thomas Nilssen - trekkspel

Ola Nesset - kontrabass

Marius Westling - fele

Thomas Lomundal - fele

 

Arrangement

Torsdag 4. juli kl. 22.00 Danseglede!

Festsalen, Førdehuset


Fredag 5. juli kl. 22.00 Meir dans!

Festsalen, Førdehuset


 
Forrige
Forrige

Kobo Town

Neste
Neste

Ladama