Kobo Town

 

Calypso!

Den canadiske gruppa Kobo Town er grunnlagd av låtskrivaren Drew Gonsalves, opprinneleg frå Trinidad. Kobo Town-namnet kjem også frå Trinidad, frå det historiske nabolaget i Port-of-Prince der calypsoen oppstod. Dette var like ved kaia der fiskebåtane la til. Eit område med konstant motstand og konflikt, der stokkar og steinar, songar og vers krasja med koloniregimet sine bajonettar og batongar.

Med djupe røter i karibisk folkemusikk, lagar Gonsalves musikk som er både glad og melankolsk, full av poesi og framfor alt, dansbar til tusen! Dei smittande rytmane står gjerne i kontrast til skarpe tekstar som avslører menneskeleg dumskap og vår leie tendens til aldri å lære av feila våre.

Kobo Town blandar calypso-humor med dancehall, reggae og brass og har skaffa seg fans over heile verda, frå Port-of-Prince til Paris, frå Montreal til Malaysia – og no står Førde for tur!




Drew Gonsalves - vokal, gitar og cuatro

Don Stewart - bass

Derek Thorne - bongos, congas og perkusjon

Robert Milicevic - trommer

Jan Morgan - trompet

Terence Woode - trombone

Patrick Giunta - gitar

 

 

Arrangement

 

Laurdag 6. juli kl. 14.00 Kaffipraten: Drew Gonsalves

Røyst, Nynorskhuset

Gratis


Laurdag 6. juli kl. 23.00 Festivalnatt: Kobo Town/Ladama

Sunnfjordsalen, Scandic Sunnfjord hotell


 
Forrige
Forrige

Kartellet: An dran drin drekt

Neste
Neste

Kompani Byre