Kartellet: An dran drin drekt

 

Ingen får deg i betre leikehumør enn Kartellet!

Dansarane i Kartellet byr på rare triks, felespel på stylter, sprø folkedans og artige regler. Tittelen og regla er ein rytmisk leik, og dei vil dele med verda at den rare, artige leiken er gull verd. Kartellet håpar å inspirere til at folk leikar meir i kvardagen, kanskje til og med dansar!

‘An dran drin drekt. Kontra både fem og seks. Bom bam dutri dam. Silkemaga, buldrikaka. Ditt om. Pøk utav.’ Dette er ei uforståeleg regle som er kjend frå Grytøya og Vesterålen i Nord-Norge.

Medprodusent: Festspillene i Nord-Norge

Jo Einar Jansen – fele, stylter

Tone Ingvaldsen - Dans

Vetle Springgard - dans

 

Om Kartellet:

Kartellet var i utgangspunktet ei danseframsyning initiert og koreografert av Sigurd Johan Heide, og med nykomponert musikk av Mariann Torset. No er dansekompaniet og Kartellet A/S etablert og har laga 4 fullskala framsyningar sidan 2012: Kartellet (2012), Kan du komme ned og hente meg? (2016), Makalaus (2021), Can you come down and fetch me again – snow edition (dansefilm) (2021), Danse staur, danse staur (2021) og An dran drin drekt (2021). I tillegg har Kartellet vore med på større konsertproduksjonar på til dømes Northern Jazz Expo 2015, Northern Expo 2018, Barents Bird, Festspillene i Nord-Norge og Kalottspel.

Kartellet vann Kritikerprisen 2016 for danseframsyninga DoPPler. Dei var festspelprofilar under Festspillene i Nord-Norge 2016 og fekk Troms Fylkes Kulturpris 2016 saman med kunstnarleg leiar Sigurd Johan Heide.

Arrangement


Laurdag 6. juli kl. 11.30 Kartellet: An dran drin drekt

Torgscena, Elvetorget

 


Laurdag 6. juli kl. 15.30 Kartellet: An dran drin drekt

Ute ved hovudinngong, Førdehuset

Forrige
Forrige

Julie Fowlis

Neste
Neste

Kobo Town