Julie Fowlis

 

‘Om snøen kunne synge, ville den synge som Julie Fowlis…’

.. slik vert den klokkeklare stemma til Julie Fowlis skildra av naturskribenten Robert Macfarlane

Julie Fowlis er ei av dei verkeleg store songstjernene i Skottland, med ein karriere som omfattar alt frå solide studioalbum til verkeleg prestisjefylte samarbeid og eigne radio og tv-program i fleire kanalar. Aller mest kjend er ho kanskje for å synge tittelsporet på Disney Pixar-filmen BRAVE (2012), som vann både Oscar og Golden Globe. Julie Fowlis er ein stolt forvaltar og tradisjonsbærar som står i fremste rekke når det gjeld å ta vare på den gæeliske kulturarven.

‘sublime, magical
— FolkRadio 2022

Musikalsk har Julie Fowlis djupe røter på Hebridane der ho vaks opp, men er også inspirert av naturen i det Det skotske høglandet, der ho bur no. Ho spelar like gjerne på små landsbyscener som i Carnegie Hall i New York og på opnings- og avslutningsseremoniar for store internasjonale TV-sende meisterskapar. På Spotify er stemma hennar strøyma meir enn 150 millionar gonger.

Med Julie Fowlis på scena får du servert det ypparste av skotsk folkemusikkvokal, støtta opp av eit knallsterkt band med nokre av dei finaste instrumentalistane i Skottland.

Julie Fowlis spelte på Førdefestivalen i 2011 og vi er utruleg stolte over endeleg å få ho tilbake!


KONSERT

Keltisk festkveld

Fredag 5. juli kl. 20.00

Idrettshallen, Førdehuset

 

 
Forrige
Forrige

Indre Sunnfjord spelemannslag

Neste
Neste

Kartellet: An dran drin drekt