Erlend Apneseth og Karin Nakagawa

 

Tingingsverk: The way of the wind

25 strengs koto møter 9 strengs hardingfele. Jølstermusikaren Erlend Apneseth og den japanske stjernemusikaren Karin Nakagawa møttest på scena første gong i november 2022 i regi av Hardanger Musikkfest. Dette vart eit svært vellukka møte, og la med ein gong grobotn for eit vidare samarbeid. Ideen om å komponere ny musikk for den norske hardingfela og den japanske kotoen var sådd. Dette blir eit møte mellom to svært respekterte musikarar, begge med bakgrunn både frå tradisjonsmusikken i sine respektive land, men også i skjeringspunktet mellom jazz og klassisk musikk.

Dette blir eit møte mellom instrument og tradisjonar som på ein måte er langt frå kvarandre, men på andre måtar nære, både i tonalitet, uttrykk og klangar.

Det er ei stor glede for meg å få lov å skrive musikk for nettopp Førdefestivalen, som gjennom oppveksten har forsynt meg med impulsar frå heile verda, og som ikkje berre indirekte må bere ein stor del av skulda for at eg no er musikar. No skal eg få gje ein bit av mi verd tilbake.
— Erlend Apneseth, i samband med tingingsverket i 2016

KARIN NAKAGAWA er både musikar, songar, komponist, skodespelar og målar. Ho bur dels i Tyskland og dels i Japan. Ho kjem frå ein musikarfamilie, og fekk opplæring på piano frå 3-årsalderen, men 12 år gamal bytte ho til 25-strengs koto. Nakagawa arbeider i ulike sjangrar, med mange musikarar i ulike sjangrar, og er kjend som ein utforskande musikar, som utviklar sin eigen stil.

ERLEND APNESETH frå Jølster er ein av våre fremste hardingfelespelarar. Med røter i folkemusikken, har han etablert seg som ein kreativ jazzmusikar og komponist, og har levert tingingsverk for fleire norske festivalar. Med jazztrioen sin haustar han svært gode meldingar både for plateinnspelingar og konsertar – også internasjonalt.


Tingingsverket er støtta av Musikkfondene


Erlend Apneseth – hardingfele

Karin Nakagawa – koto, vokal

Arrangement

Torsdag 4. juli kl. 12.30 Kaffipraten: Erlend Apneseth og Karin Nakagawa

Røyst, Nynorskhuset

GRATIS


Torsdag 4. juli kl. 18.00 Erlend Apneseth & Karin Nakagawa

Festsalen, Førdehuset


 
Forrige
Forrige

Duo Kurbasy

Neste
Neste

Gabriel Fliflet Band: I lys loge