Gabriel Fliflet Band: I lys loge

 

Songar rundt bålet. Av Kjartan Fløgstad og Gabriel Fliflet

Til alle tider, i alle kulturar, har folk samla seg rundt bålet. Der har dei fortalt soger, laga mat, sunge songar, kviskra løyndomar og varma kroppane sine. Fortsatt lokkar bålet oss!

I songsyklusen I lys loge vil eld og flamme, gneist og lys, vera den glødande ledetråden for dei fem, syngande musikarane. Tekstane er både leikne og lyttande, og er nyskrivne av Kjartan Fløgstad, ein nestor blant norske forfattarar. Musikken, som er laga av Gabriel Fliflet, er melodisk og vandrar i landskapet mellom jazz, folkemusikk og viser.

Gabriel Fliflet spelar trekkspel, piano og syng. Han er ein fargerik musikar, med eit varmt hjarte for ulike former for folkemusikk. Gabriel har laga ei rekke kritikarroste tingingsverk, med tekstar av m. a. Jon Fosse og Robert Burns.

Susanne Lundeng er ein av dei beste felespelarane i Norden. Ho spelar og syng med ein gripande tone og stor kraft.

Jørgen Sandvik kjenner mange frå bandet The Real Ones. Han er ein stor gitarist og vokalist, som har vunne fire spelemannsprisar.

Per Jørgensen er ein av våre største jazz- og improvisasjonsmusikarar. Han lever seg alltid djupt inn i musikken, antan han spelar trompet eller syng.

Anders Bitustøyl er ein svært allsidig og kreativ bassist, og er fundamentet i bandet.

Kjartan Fløgstad er ein av dei største romanforfattarane i Noreg, og har også skrive mange sangtekstar. Gabriel Fliflet har tidlegare tonesett 15 av Fløgstads songtekstar. Samarbeidet har m. a. ført til ­CDen Himlaleite - songar av Fløgstad og Fliflet med Trio Alde (2021), som fekk svært god kritikk.

I lys loge var tingingsverk til Vossa Jazz 2024 og vart urframført i mars i år.

Gabriel Fliflet - vert, trekkspel

Jørgen Sandvik - gitar, banjo, mandolin, vokal

Per Jørgensen - trompet, perkusjon, vokal

Anders Bitustøyl - bass

Susanne Lundeng - fele, vokal

 

Konsert

Laurdag 6. juli kl. 12.30 Gabriel Fliflet Band: I lys loge

Nynorskhuset, Teatersalen


 
Forrige
Forrige

Erlend Apneseth og Karin Nakagawa

Neste
Neste

Gjermund Larsen Trio