Duo Kurbasy

 

Songar frå dei ukrainske skogar

Trass krigen har det ukrainske Kurbasy-ensemblet valt å bli i Lviv, og dreg berre på kortare turnéar i utlandet. Og – sidan ukrainske menn ikkje får forlate landet, er det no dei to kvinnelege medlemene i ensemblet som utgjer Duo Kurbasy.

Alt under pandemien i 2020, då alt vart nedstengt, arbeidde ensemblet fram eit duo-repertoar for dei to songarane Nataliia Rybka-Parkhomenko og Mariia Oneshchak. Dette skjedde i dei djupe skogane kring Lviv, og tittelen gav seg sjølv: Songar frå dei ukrainske skogar. (Songs from the Ukrainian Forest).

I songsyklusar som følgjer kalenderen, utforskar dei to songarane den rike folkemusikkskatten i Ukraina. Med dei karakteristiske og velkjende pressa songharmoniane, akkompagnert av unike instrument, formidlar dei songar og balladar frå ulike regionar i Ukraina. Songane knyter seg til historier og segner både frå den ekte verda og frå det underjordiske. Duoen har også med seg antikrigssongar og nye militærsongar, som skildrar det øydelagde Ukraina vi ser i dag og teiknar på mange måtar ei musikalsk linje frå ei arkaisk fortid fram til i dag. Dei har også skapt ein eigen blome til konserten. Den symbolierer liv, kjærleik og nåde.


Mariia Oneshchak - vokal, perkusjon

Nataliia Rybka-Parkhomenko - vokal, perkusjon, glokofon

 

Konsertar

 

Torsdag 4. juli kl. 23.00 Sommarnatt på Jølster

Jølstramuseet, Vassenden


 Fredag 5. juli kl. 10.00 Kurs: Polyfon song med Duo Kurbasy

Førdehuset


 
Forrige
Forrige

Cédric Dind-Lavoie

Neste
Neste

Erlend Apneseth og Karin Nakagawa