Cédric Dind-Lavoie

 

Ein moderne tradisjonsberar frå Canada

I Cedric Dind-Lavoie sitt nyaste prosjekt, Archives, er det originale folkemusikkopptak frå 40- og 50-talet som spelar hovudrolla. Gjennom lidenskapleg forsking har han samla gamle songar og instrumentale melodiar i opptak med dei canadiske folkloristane Simonne Voyer, Roger Matton og Luc Lacourcière. Opptaka vert spelte av på bandopptakar eller platespelar, medan Cédric Dind-Lavoie og Alexis Chartrand, begge multiinstrumentalistar, akkompagnerer på piano, kontrabass og fele. Akkompagnementa er raffinerte og løftar dei gamle opptaka inn i ei moderne ramme. Gjennom gode scenografiske grep skapar dei eit poetisk og vakkert møte med gamle tradisjonsberarar og deira historie. Både i lyd og bilete er dei gamle stemmene med på scena, saman med dei som no fører tradisjonane vidare. Det er musikk, men det er også ei kjærleikserklæring til dei som ein gong var.

Dind-Lavoie’s treatment of these archives is deeply respectful as he takes care to preserve the fidelity and authenticity of the recordings while still managing to be bold and self-assured in augmenting them with tasteful embellishments
— Brian Housman, Stationary Travels ​

Canadiske Cédric Dind-Lavoie er utdanna jazz-kontrabassist frå universitet i Montréal, og ein erfaren multiinstrumentalist, komponist og artist. Han deler tida si mellom scene og studio, og mellom å arrangere popmusikk og skape filmmusikk for tverrfaglege prosjekt. Han akkompagnerer frå tid til anna også artistar som Alejandra Ribera, Yves Lambert og Bébert Orchestra, Nathalie Cora, Cobacaracol og Juan Sebastian Larobina. Hans store kjærleik for vest-afrikanske kulturar, har også ført til at har spelt med Prince Diabaté, Balla Tounkara, Lilison Di Kinara – og på meir permanent basis, Alpha Thiam, Kabakuwo og gruppa Bolo Kan på store festivalar. 

 

Cedric Dind-Lavoie - piano, kontrabass

Alexis Gardette Chartrand - fele

 

Konsertar

Torsdag 4. juli kl. 09.30 Førdekonferansen 2024

Amfi Eikaas, Scandic Sunnfjord hotell

 Torsdag 4. juli kl. 20.00 Opningskonsert: Røter

Idrettshallen, Førdehuset


Torsdag 4. juli kl. 23.00 Sommarnatt på Jølster

Jølstramuseet


Fredag 5. juli kl. 12.00 Cedric Dind-Lavoie: Archives

Festsalen, Førdehuset

 
 
Forrige
Forrige

Britt Pernille Frøholm

Neste
Neste

Duo Kurbasy