Britt Pernille Frøholm

 

Første festivalkonsert på Spelemannsmyra i Oldeskaret

Britt Pernille Frøholm frå Nordfjord er ein av våre leiande folkemusikarar, som også er kjend for å vere ein pådrivar for internasjonale musikalske samarbeid i mange format og former. I botn ligg folkemusikktradisjonen ho har vakse opp med i Nordfjord, men Frøholm har aldri vore redd for å utforske og bruke hardingfela nye måtar.

Britt Pernille Frøholm har spelt på både små og store scener inne og ute, i inn- og utland, men dette er første gongen ho held konsert på Spelemannsmyra i Oldeskaret, der sunnfjordingar og nordfjordingar sette kvarandre i stemne i tidlegare tider. Dette blir ei spesiell oppleving, både for musikaren og for publikum som blir med på turen gjennom skaret denne dagen.

NB! Dei som vil gå turen gjennom Oldeskaret må melde seg på. Skroll ned og klikk på den grøne knappen.

 

Arrangement

Onsdag 3. juli kl. 07.00* Med Indre Sunnfjord Turlag og Margreth Olin gjennom Oldeskaret
Spelemannsmyra, Oldeskaret

*transport frå Førde.


 
Forrige
Forrige

Boubacar Traoré

Neste
Neste

Cédric Dind-Lavoie