Boubacar Traoré

 

Ein diamant blant juvelane i mandingo-musikken

Boubacar Traoré ber meg seg alt det vakre i afrikansk blues. Ein diamant blant juvelane av Mandingo-musikken. Han skin med den mørke gløden av det puraste reine. Frå fotballelskande kompisar har han fått kallenamnet Kar Kar, driblaren, og det er berre han som kan blande Niger- og Mississippi-delta med slik gripande autensitet.

Boubacar Traoré vart superstjerne i Mali på 60-talet, den første til å spele mandingomusikk på elgitar, og veldig mykje spelt på radio. Men då det vart regimeskifte i 1968 vart Traoré sensuret og kutta frå radioen, og kunne ikkje leve som musikar lenger. Men i 1987 vart han gjenoppdaga i Mali, og var på god veg til å få ein ny renessanse, då kona døydde i barsel. Dette gjekk hardt inn på han, og han flytta til Frankrike og jobba som bygningsarbeidar for å kunne forsørge dei seks borna sine. I Paris kom ein plateprodusent tilfeldigvis over nokre av dei gamle radio-opptaka av Traoré, og gav han umiddelbart platekontrakt. Han vart fort populær internasjonalt, og har sidan turnért verda over, og gitt ut fleire plater.

Boubacar Traoré blir respektert og hylla i Mali. Særleg av unge menneske. Dei oppdagar artisten på nytt, ein av grunnleggarane og store ambassadørane for moderne mandingomusikk. Kvar gong når dei internasjonale turnéane er over, vender Boubacar tilbake til jordlappen han har kjøpt på ein ås i Bamako. Der driv han med sauer og grønsakdyrking, noko han er oppriktig stolt og glad over. -I Mali er alle bønder. Det er den mest pålitelege måten å tene til livets opphald på.


Boubacar Traore – gitar, vokal

Jeremie Diarra – calebasse

Vincent Bucher – harpe

Konsert

Laurdag 6. juli kl. 14.30 Boubacar Traoré

Larris Scene, Scandic Sunnfjord hotell

 

Diskografi:

  •     Mariama (1990)

  •     Kar Kar (1992)

  •     Les Enfants de Pierrette (1995)

  •     Sa Golo (1996)

  •     Maciré (1999)

  •     Duna Ma Yelema (1999)

  •     Je chanterai pour toi (2003)

  •     The Best of Boubacar Traoré: The Bluesman from Mali (2003)

  •     Kongo Magni (2005)

  •     Mali Denhou (2011)

  •     Mbalimaou (2015)

  •     Dounia Tabolo (2017)

 
Forrige
Forrige

Aziza Brahim

Neste
Neste

Britt Pernille Frøholm