Talent 2017 - Cuba / Colombia / Norge

Foto frå talentkonserten på Førdefestialen 2016. Foto: Arve Ullebø

 

Internasjonalt talentprosjekt

Kvart år samlast unge talentfulle musikarar frå Norge og to andre land til to vekeslange verkstadar. Den første verkstaden skjer i samband med Førdefestivalen, den andre i eitt av dei andre landa som er i prosjektet. Med talentprosjektet ønskjer festivalen å gje unge musikarar høve til å utvikle seg sjølv i møtet med andre musikktradisjonar.

Talentprosjektet er eit samarbeid mellom Førdefestivalen og Kulturtanken, og vert støtta av Utanriksdepartementet.

I år kjem dei ni unge musikarane i talenprosjektet frå Cuba, Colombia og Norge.

Musikalske leiarar er: Sverre Indris Joner og Hilde Fjerdingøy
 

Frå CUBA:

ANNIE GARCÉS SANTANA - vokal, fløyte
JOSÉ MANUEL ORDÁS MESA - gitar, musikalsk leiar
EVELYN GARCÍA HERNÁNDEZ - 12-strengs gitar (laud)

Frå COLOMBIA:

SEBASTIAN SEPULVEDA GOMEZ - trekkspel
JESUS ELIAS ACUNA OSPINO - caja, bass, gitar, trekkspel
JUAN DAVID ATENCIA BERRIO - vokal, trekkspel

Frå NORGE:

ASTRID GARMO – fele, hardingfele, vokal, gitar
EMIL HORSTAD – trekkspel med meir
RASMUS KJORSTAD – fele

Musikalske leiarar: 

Sverre Indris Joner, er pianist, komponist, arrangør, orkesterleiar m.m. med formelle musikkstudier frå Universitetet i Oslo og tallause reiser og studioopphald i Latin-Amerika. Han er som eit unikum å rekne når det gjeld latinamerikansk musikk og har stifta: Hovedøen Social Club, Electrocutango, La Descarga, Tango for 3, m.fl.

Hilde Fjerdingøy, er ein av dei leiande på toradar i Norge, og har master i nordisk folkemusikk. Ho spelar folkemusikk frå ulike tradisjonar i Norden, men har fordjupa seg i musikken frå heimtraktne på  Helgeland. Fjerdingøy er med i to norsk-svenske konstellasjonar: Fjerdingøy & Andersson (plateaktuell) og Rim.

 
 

Konsertar:

Torsdag 6. juli 2017 23:00
Sommarnatt på Jølster
Jølstramuseet, Vassenden

Laurdag 8 jul 2017 18:30
Talent 2017
Teatersalen, Førdehuset

Søndag 9. juli 2017 11:00
Festivalgudsteneste
Førde kyrkje

Forrige
Forrige

Sunniva no

Neste
Neste

Tinariwen