Tinariwen

Foto: Marie Planeille

Foto: Marie Planeille

 

Kongane av ørkenblues til Jølstras breidd!

Ørkenen er brutal og underleg vakker på same tid, ei tøff verd, som litt etter litt avslører sine hemmelege sider. Ørkenlivet er spenstig og røft. Folket som lever der er som snille kjemper omslutta av sand, storm og sol. Dette er heimen for ørkenbluesbandet Tinariwen, og det er dette komplekse livet i nordvest-Afrika den hypnotiske og slentrande gitarbluesen deira handlar om.

Tinariwen er kongane av «assouf», som er namnet på gitarpoesien frå Sahara. Sidan dei var med å organisere den første Festival in the Desert i 2001, har Tinariwen vore den største eksportartikkelen frå vest-Afrika. Bandet oppstod i militærleirane i Libya på 80-talet. Der spelte dei for å overleve. Dei drøymde om vørdnad og eit betre liv for folket sitt, tuaregane, Kel Tamashek, sør i Sahara. Gjennom Tinariwen har verda fått eit innblikk i tuaregkulturen. Dei representerer ein heil generasjon tuaregar.

Den enkle bodskapen og dei hypnotiske bluesgangane i ørkenmusikken, har gjeve Tinariwen ein Grammy (Tassali, 2011), to kåringar i BBC World Music Award og overtydande omtalar i magasin og aviser over heile verda. Dei har høgt profilerte internasjonale fans som Robert Plant og Santana, og ikkje minst - dei nyt stor respekt hos sitt eige folk. No er dei ute med nytt album «Elwan», som allereie har rukke å få strålande kritikkar i internasjonal presse.

Tinariwen har ei turnéverksemd som kan ta pusten frå deg, og dei tek sitt konsertpublikum med storm! Det er med stor glede vi endeleg kan ønskje velkomen til konsert med desse eksotiske verdsstjernene i parken på Festplassen, på breidda av vakre Jølstra!

 
 

Touhami Ag Alhassane - gitar, vokal
Abdallah Ag Alhousseyni - gitar, vokal
Said Ag Ayad - perkusjon, vokal
Elaga Ag Hamid - gitar, vokal
Eyadou Ag Leche - bassgitar, vokal

 

Konsertar:

lørdag 8 jul 2017 13:00
Møt artisten: Tinariwen - Fri entré
Utstillingssalen, Førdehuset

lørdag 8 jul 2017 15:30
Tinariwen
Festplassen


MaliTorill Faleide