Sunniva no

Torill Steinjord, Martin Myhr, Gro Marie Svidal og Vetle Springard. Foto: Cathrine Dokken

 

Ei interaktiv danseframsyning om tru og tvil, maktbruk og mellommenneskelege relasjonar bygd på historia om Norge sin første og einaste kvinnelege helgen.

”Sunniva no” er tittel på denne samtidsorienterte danseproduksjonen som reflekterer kring tema i legenda om St. Sunniva og dei mange notidige assosiasjonane den vekker i oss. St. Sunniva er den norske varianten av den meir kjende legenda om Ursula. Den strekker seg tilbake til middelalderen då Norge gjekk frå heidensk til katolsk tru. I følgje legenda reiste Sunniva frå heimlandet sitt, og la ut i det ukjende for å kunne halde fram i trua på Gud. Ho var villig til å døy for trua si. 

Kva fortel det oss i dag? Kva vil det seie å vere einspora, ja, så einspora at du ønskjer forfølgje dei som tenkjer annleis enn deg? Kva om det finst fleire sanningar? For kven har makt over deg? Og kva er du villig til å ofre livet ditt for? Det er lett å sjå likskapen mellom Sunniva si farefulle reise frå Irland til Noreg, og hendingar vi kjenner frå vår eiga tid. Vi er heller ikkje framande for ordet martyr. Og kva med vår tid sine falske nyhende? Er det skilnad på det og den propaganda presteskap og kongsmakt nytta for å samle Norge til ei tru og eit rike? I Sunniva no viskar utøvarane ut skiljet mellom scene og sal og lar publikum oppleve dans og musikk på nært hald.

Framsyninga høver best for ungdom/vaksne. 

Gro Marie Svidal - musikk, dans

Torill Steinjord, Vetle Springgard og Martin Myhr - dans

 

Torill Steinjord (dans) har bachelor i utøvande tradisjonsdans og Dansevitskap frå NTNU i Trondheim. Ho har vore med i fleire danseproduksjonar, m a Før etterpå (Anna Öberg) og  Nokon kjem til å komme (Leif Stinnerbom). Steinjord har også koreografierfaring og er i dag folkedanspedagog og frilans dansar.

Vetle Springgard (dans) er ein av Norge sine fremste tradisjonsdansarar innan pardans og solodansen halling. Han har medverka som dansar i dansekompaniet FRIKAR, og i andre frie sceneproduksjonar. Han har teatererfaring frå mellom anna Det norske Teater. Springgard er også ein mykje nytta danseinstruktør.

Martin Myhr (dans) er våre fremste formidlarar av solodansen halling og har vunne Landskappleiken i halling heile sju gongar. Han formidlar tradisjonen frå Trysil og Hallingdal - også som pardansar. Sidan 1980 har han medverka i fleire teateroppsetjingar, mellom anna hos Västanå Teater, Sogn og Fjordane Teater, Hedmark Teater og Riksteatern i Sverige. Han er også ein mykje nytta folkedanspedagog.

Gro Marie Svidal (musikk/dans) frå Jølster, er utdanna musikar frå Ole Bull akademiet og Norges musikkhøgskole. Svidal er norgesmeister på solo hardingfele frå 2014, og ein av våre fremste formidlarar av tradisjonsmusikk og dans til barn og unge. Ho har turnert for Rikskonsertane og Den kulturelle skulesekken sidan 2003, medverka i fleire teaterproduksjonar ved Sogn og Fjordane Teater, vore prosjektleiar og produsent.

Regi/koreografi: Mette Brantzeg
Musikk: Gro Marie Svidal
Scenografi: Erik Annar Evensen
Lys: Atle Øydvin
Kostyme/rekvisittør: Solveig Fugelsøy

Sunniva no er ein samproduksjon mellom Førdefestivalen, Sogn og Fjordane Teater og Svidal/Brantzeg.

 
 

Konsertar:

onsdag 5 jul 2017 19:00
Sunniva no - onsdag
Ungdomshuset Viking, Førde

torsdag 6 jul 2017 17:30
Sunniva no - torsdag
Ungdomshuset Viking, Førde

Forrige
Forrige

Sulheim / Odde / Brimi

Neste
Neste

Talent 2017 - Cuba / Colombia / Norge