Sulheim / Odde / Brimi

 

Atterljomen

Ein gardbrukar utan musikkutdanning eller musikalsk bakgrunn. Ingen storspellemann. Berre ein vanleg bonde, umåteleg glad i naturen, og med sans for vakre og fengande tonar; Sjugurd Garmo var det vi kallar eit musikalsk unikum. Han etterlet seg over 50 komposisjonar; originale, drivande og melodiøse. Musikk som ljoma rundt i nord-Gudbrandsdalen for snart hundre år sidan.

Astrid Sulheim, Bjørn Kåre Odde og Aslak Brimi er ein real stjernetrio innan folkemusikken i Norge i dag. Alle er frå Lom, og alle har dei musikkarven etter Sjugurd Garmo i bagasjen. Med prosjektet ATTERLJOMEN presenterer dei Sjugurd-musikken, både med CD og notesamling.

Aslak Brimi (f. 1983) har vore aktiv spelmann, meiningsytrar og kappleiksdeltakar sidan 2000 og har vunne A-klassen (eliteklassen) på Landskappleiken; folkemusikkens Norgesmeisterskap, tre gonger. Han har gått i lære hjå far sin, Rolv Brimi, og Bjørn Odde, og han har studert ved akademiet i Rauland. Aslak har ei rekkje plateinnspelingar bak seg, både som musikar, prosjektleiar og produsent, og han fekk statens kunstnarstipend for 2015 og 2016. Han er leiar for Gudbrandsdølenes spelmannslag i Oslo. I 2016 vart han kåra til Årets folkemusiker under bransjetreffet Folkelarm.

Astrid Sulheim (f. 1977) er busett i Lom og jobbar til dagleg som fastlege. Ho har hatt Rolv Brimi som læremeister og har studert ved akademiet i Rauland. I tillegg har ho lært av Knut Kjøk, Amund Bjørgen og Bjørn Odde. Ho har vore aktiv i Lom spelmannslag sidan starten av 90-talet og er med i felegruppa “Tufskrøkjun”. Astrid har vunne A-klassen på Landskappleiken tre gonger.

Bjørn Kåre Odde (f. 1990) er frilansmusikar med utdanning frå Norges Musikkhøgskole i Oslo. I oppveksten hadde han bestefaren Bjørn Odde som læremeister, og seinare Vegar Vårdal og Per Sæmund Bjørkum. Bjørn Kåre har vunne fleire prestisjetunge prisar for sitt felespel. Frå 2013 har han vore leiar i Lom spelmannslag og er i tillegg fast medlem i gruppene ”Majorstuen” og ”Lendmenn”.

 
 

Konsertar:

lørdag 8 jul 2017 15:30
Atterljomen
Haarklousalen, Førde kulturskule


Forrige
Forrige

Songmeistermøte: Willemark  - Opheim  - Pirttijärvi

Neste
Neste

Sunniva no