Songmeistermøte: Willemark  - Opheim  - Pirttijärvi

 

Eit unikt møte mellom tre av Nordens førstedamer innan vokalmusikk.

Lena Willemark - Sverige

Lena Willemark har erobra ein heilt sentral posisjon i svensk folkemusikk og er ein banebrytande songar som kryssar sjangrar på ein naturleg måte. Frå fleire læremeistrar har ho tileigna seg ein unik musikkskatt frå heimstaden, Älvdalen. Etter åra på Musikhøgskolan i Stockholm har ho på eiga hand  og i samarbeid med andre, stadig utvida uttrykket sitt. Willemark er i dag rekna som ein av Nordens mest allsidige artistar, mykje takka vere evna ho har til å skape ein heilskap av ulikskapar. Hennar ferd i ulike musikalske landskap held fram med uforminska styrke - og med folkemusikken som ein trufast vandringsstav.

Her i Norge har Lena Willemark mellom anna samarbeidd med Kirsten Bråten Berg og Det Norske Kammerorkester, og ho har både komponert og arrangert mykje musikk. Willemark har sikra seg ei rekkje utmerkingar og vore nominert mellom anna til Nordisk Råds Musikkpris. Lena Willemark vart heidra med prisen som Årets kompositør på Folk & Världsmusikgalan i Sverige 2017.

Ulla Pirttijärvi-Länsman  - Sapmi / Finland

Ulla Pirttijärvi-Länsman er ein av dei leiande utøvarane i Sapmi. Ho vaks opp i finske Lappland, og joiken har ho mellom anna lært av mor si. Når ho joikar ulven, eller gumpe som det heiter på hennar samiske dialekt, er det som du høyrer ulven ule og skjelle. Det handlar om å finne sjølve kjensla i det du skal joike, det vere seg ulven, månen eller ein person. Joik er ein av dei eldste musikalske uttrykksformene i Europa, og finst i heile det samiske området i Sverige, Norge og Finland.

Alt i 20-årsalderen gav Ulla ut si første plate, ei barneplate der målet var å lære born meir om samisk kultur. Plata vann ei rekkje prisar, og vart også følgd opp med ei bok. Fire album seinare er det ingen tvil om at Ulla Pirttijärvi-Länsmann vert rekna som ein av våre største samiske utøvarar.  Ulla grunnla òg gruppa Ulda som tidlegare har vore engasjert til Førdefestivalen.

Berit Opheim - Norge

Berit Opheim frå Voss, har lang og innhaldsrik fartstid som songar og vokalist. Ho står trygt i folkemusikktradisjonen, men oppheld seg lett i andre sjangrar, og hentar inspirasjon frå både tidlegmusikk, improvisasjon og samtidsmusikk. Berit Opheim var den strålande ”Månefruva” i oppsetninga ”Tryllefløyta” i folkemusikkversjon, er medlem av Trio Mediaeval, har trioen BNB med Bjørn Kjellemyr og Nils Økland, har vore solist med jazz-/ folkemusikkgruppa Orleysa, Bergen Domkantori, BIT20, Oslo Kammerkor, Utla og mange fleire. Berit har vunne Landskappleiken fleire gonger, både i kveding og Open Klasse, og er ein av våre aller fremste utøvarar av vokal folkemusikk.

 

Konsertar:

fredag 7 jul 2017 18:00
Songmeistermøte: Willemark - Opheim - Pirttijärvi
Haarklousalen, Førde kulturskule