Ricardo Ribeiro

Fadoens store mannlege stjerne til Førde

- This man is made of emotions! skriv Alexandra Carita i Expresso newspaper. Ricardo Ribeiro blir rekna som det heitaste namnet på den portugisiske fadoscena for tida – no er han klar for konsert både i Nordfjord og Sunnfjord!

Ricardo vaks opp og gjekk på skule i Lisboa. Han fekk tidleg kjennskap til fado, og lytta til Fernando Mauricio, Amália Rodrigues og Alfredo Marceineiro; stjerner som etter kvart vart store forbilde for Ribeiro. Karrieren hans byrjar rundt 2001, då han er med på ei plate som hyller Amália Rodrigues. Etter kvart blir han invitert til å synge med dei store, får filmrollar og mottek prisar som beste nykommar og beste mannlege fadosongar i Portugal.

I 2013 har Ricardo Ribeiro enorm suksess med plata Largo de Mémoria. Dette blir hans internasjonale gjennombrot. I 2015 vert han nominert til Artist of the Year av det internasjonale magasinet Songlines, saman med Tony Allen, Julie Fowlis og andre store namn. I 2016 kjem hans andre soloplate, “Hoje é assim, amanhã não sei.” (Today is like this, tomorrow I don't know), og karrieren peikar framleis oppover; Ricardo Ribeiro blir ein stadig meir profilert fadista. Stemma hans er som skapt for fado. Ribeiro er tru mot sjangeren, og vert for det meste akkompagnert av ein klassisk fado-trio med portugisisk gitar, fele og bass.  

 “I feel like tomorrow is yesterday and today is the revelation of my free and restless spirit.”
Ricardo Ribeiro
“This album consolidates Ricardo Ribeiro’s position as the finest male fadosinger of his generation.”  Gonçalo Frota, in Songlines Magazine

Konsertar:

onsdag 5 jul 2017 20:00
Fadoklubb med Ricardo Ribeiro - onsdag
Gloppen Hotell, Sandane

torsdag 6 jul 2017 22:00
Fadoklubb med Ricardo Ribeiro - torsdag
Hugleik, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa, Førde


PortugalTorill Faleide