«På hogg og belegg» - Sigmund Eikås og musikken hans

Sigmund Eikås sitt namn er uløyseleg knytt til Indre Sunnfjord Spelemannslag.

Sigmund Eikås sitt namn er uløyseleg knytt til Indre Sunnfjord Spelemannslag.

NYPRODUKSJON og Plateslepp!

Sigmund Eikås har ei lang merittliste som topputøvar, læremeister, organisator og komponist, og er heidra med ei rekkje prisar for innsatsen sin for folkemusikken. I høve 70-årsdagen hans har festivalen teke initiativ til plateinnspeling og festkonsert med dei beste komposisjonane hans.

Sigmund Eikås har eit 30-tals komposisjonar å vise til, som spenner frå dei eldre slåttetypane som springar og halling, til drivande runddansslåttar og lydarslåttar. Med sin kompetanse på godt dansespel og inngåande kjennskap og kjærleik til den vestlandske slåttetradisjonen, ber Eikås sine komposisjonar preg av usvikeleg formsans. Utgangspunktet hans er musikktradisjonen på Vestlandet, men han har alltid komponert med sterk eigenkarakter og originalitet.

Eikås-komposisjonane vert framførte av utøvarar frå Sunnfjord som alle har hatt Sigmund som læremeistar og inspirator: Erlend Apneseth, Synnøve S. Bjørset, Gro Marie Svidal og Dagfrid Vallestad. Sigmund sitt «eige» spelemannslag, Indre Sunnfjord Spelemannslag er sjølvskrivne, og det same er jubilanten sjølv både med spel og gode historier.

Konferansier: Jostein Aardal

Plata kjem ut på plateselskapet Ta:lik

Konsertar:

lørdag 8 jul 2017 14:00
"På hogg og belegg" - Sigmund Eikås og musikken hans
Festsalen, Førdehuset

NorgeTorill Faleide