SIGRID MOLDESTAD & VENER

 

«Samuline – frå fele flyg din song»

Sigrid Moldestad kjem til Førdefestivalen med ny konsertforestilling 10 år etter «TAUS». - Eg blir aldri ferdig med historiene om Samuline Seljeset og dei andre kvinnene med feler heimanfrå. Tvert om kjennes historiene meir aktuelle enn nokongong, seier ho.

Det er eit folkemusikalsk eventyr. Historia om alle kvinnene som spelte fele i områda kring Nordfjord og Sunnmøre for 150 år sidan. Då Sigrid Moldestad tok tak i nokre av desse forteljingane og lagde framsyninga TAUS i 2007, vart det også starten på hennar eiga solokarriere. Ho skapte songar om Samuline Seljeset og Spelar-Birthe, ho blanda dei med eigne versjonar av slåttane til Lise Jyvall og Blinde-Siri. Framsyninga fekk folk til å undre, le og gråte. Plata ho gav ut same år fekk Spellemannprisen og historiene skapte kjennskap og ny stoltheit til eit nesten gløymt kapittel i spelemannssoga.

10 har gått sidan “Taus” og no presenterer Sigrid ein jubileumsversjon og ny konsertframsyning basert på ei historie som kjennest meir aktuelle enn nokon gong. Ikkje berre dei fine eventyra om kvinner som fekk spele som dei ville, men den endå meir aktuelle historia om då dei same kvinnene etterkvart måtte teie stilt…

- Det at nokre trassa frykta for å bli stempla og det at nokon let seg truge til å teie, er skremmande aktuelt, seier Sigrid. - Det at nokon prøver å styre kva og korleis vi skal vere og kva vi skal gjere basert på sine religøse og ideologiske overtydingar, er viktig å minne oss om.  Det har også hendt her. Vi trur det er noko som angår andre, og gløymer at vi har hatt historier her heime som handlar om det same, seier ho. -Vi må aldri bli tause igjen. Vi må alltid fortelje vidare. Vi må støtte kvarandre og vere bevisste vår eigen fridom som kvinner og individ. Den har ikkje kome av seg sjølv.

Sigrid Moldestad tek med seg et stjernelag av gjester og musikarar til scena. Ho tek med dei gamle slåttane, nye songar og kvinnekraft frå før Samuline si tid og fram til idag.

Regi og koreografi: Arvid Ones & Hilde Sol Erdal.

Idé og produksjon: Sigrid Moldestad, co-produsent Førdefestivalen og Hordaland Teater. Med støtte frå Kulturrådet og Fond for utøvane kunstnarar.

 
 

Sigrid Moldestad - vokal, feler
Liv Merete Kroken - hardingfele
Helena Maria Botolfsen - fele
Lise Voldsdal - fele
Karoline Vik Hegge - bratsj
Kaja Fjellberg Pettersen - cello
Kåre Opheim -  trommer, perkusjon
Anders Røine -  langeleik, gitar, munnharpe m.m.
Ane Evjen Gjøvåg - dans 

 

Konsertar:

lørdag 8 jul 2017 17:00
Sigrid Moldestad: "SAMULINE - frå fela syng din song"
Storsalen, Førdehuset

lørdag 8 jul 2017 18:15
Møt artisten: Sigrid Moldestad - Fri entré
Utstillingssalen, Førdehuset


NorgeTorill Faleide