Kouame Sereba

 

Aktiv multi-instrumentalist og humørspreiar

Multi-instrumentalist og vokalist Kouame Sereba har spelt ei aktiv rolle i norsk musikkliv i over 30 år, sidan han flytta til Norge frå heimlandet Elfenbenskysten i Vest-Afrika i 1983. I tillegg til soloprosjekt, samarbeider han med musikarar i mange ulike sjangrar, som jazz, folkemusikk, samtidsmusikk, samt moderne afrikansk musikk. Det mest kjende samarbeidsprosjektet er plata “Fra Senegal til Setesdal”, eit møte mellom norsk og vestafrikansk folkemusikk, der han samarbeider med Kirsten Bråten Berg og Bjørgulv Straume frå Setesdal og Solo Cissokho frå Senegal.

Kouame Sereba syng og trakterer fleire instrument som djembe (afrikansk tromme), dodo (munnboge), og kalimba (tommelpiano). Han spelar i to faste grupper, Zikalo, med broren Raymond, og Dozo saman med saksofonisten Rolf Erik Nystrøm. I møte med born har Kouame ei sjeldan evne til å engasjere. Han er ein formidlar av rang, og har hundrevis av skulekonsertar for born og unge bak seg.

Heimeside

 
 

Konsertar:

onsdag 5 jul 2017 16:00
Ut på tur, aldri sur
Halbrendsstølen, Førde

torsdag 6 jul 2017 16:00
Barneverkstad med Kouame Sereba
Førdehuset


Forrige
Forrige

Kari Malmanger

Neste
Neste

Labakkalaget