Labakkalaget

Svingande gammaldans frå Sogn.

Gammaldansorkesteret Labakkalaget kjem frå Luster i Sogn. Dei har ein frisk spelestil med fokus på dynamikk og danseappell, og har markert seg med fleire gode plasseringar, medaljar og finalespel på gammaldansfestivalar opp gjennom åra. Seinast på heimebane under Landsfestivalen i gammaldansmusikk i Gaupne i 2016. Labakkalaget gav ut plata ‘Aoret rundt i Luster’ i 2005, men aller best trivst dei altså når dei får små og store på dansegolvet til sine drivande danserytmar.

 

Nils Joar Ormberg, Berit Kristin Lad og Katrin Øygard Karusbakken på toradar,
Arve Bjørn Røneid på trekkspel
Asbjørn Røneid på gitar
Jon Amund Karusbakken på kontrabass.

Konsertar:

lørdag 8 jul 2017 22:30
Dansen går i Førdehuset - laurdag
Festsalen, Førdehuset

Billett til Dansen går i Førdehuset er inkludert i billett til Festivalgalla.

Enkeltbillett til Dansen går kjøper du på billettkontoret i Førdehuset.

NorgeTorill Faleide