Kari Malmanger

 

Allsidig songar med folkemusikk som favoritt

Kari Malmanger frå Rosendal er kvedar i eliteklassen og utdanna lærar frå Høgskulen i Bergen. Ho har òg folkemusikkutdanning frå Raulandsakademiet og Ole Bull Akademiet. Ho har mastergrad i etnomusikologi og skreiv oppgåve om song, kjensler og minne. I 2012 kom ho ut med plata ”No soli bakom blåe fjell”. No arbeider ho som lærar ved Kaupanger skule i Sogndal, og er i tillegg kordirigent, frilansmusikar og musikkpedagog. Kari likar å syngja all slags musikk, men særleg folkemusikk.

 
 

Konsertar:

søndag 9 jul 2017 10:00
Søndagstur til Gaularfjellet
Utsikten, Gaularfjellet

NorgeTorill Faleide